Hopp til innhold

Folket i Vanylven vil nordover

Dei endelege resultata i Vanylven er klare og dei viser at innbyggjarane seier ja til kommunesamanslåing. Heile 72,5 prosent ynskjer å gå til det som kan bli Runde kommune.

Folkerøysting i Vanylven

KrF-politikar Jan Helgøy gav si røyst i dag.

Foto: Vanylven kommune / NRK

Folk i Vanylven har hatt eit stort engasjement i saka om kommunesamanslåing. I dag gjekk innbyggjarane, som dei einaste på Sunnmøre, til folkerøysting. Dei hadde heile seks alternativ å velje mellom. Grunnen til at vala er så mange for innbyggjarane er at kommunen har takka ja til alle invitasjonane dei har fått frå andre kommunar, og dei har sjølv invitert i alle retningar.

Flest vil nordover

Ordførar Lena Landsverk Sande fekk ein peikepinn allereie frå førehandsrøystene at dei fleste ynskjer å gå nordover til Sande, Herøy, Ulstein og Hareid, altså det som kan bli Runde kommune. Dei endelege røystene viste at 72,5 røysta på alternativet nordover. 13 prosent ville gå sørover til Selje og Vågsøy i Sogn og Fjordane.

Totalt svarte 37 prosent at dei ikkje ynskte kommunesamanslåing.

Lettare for politikarane

– Som politikar er det veldig greitt å få eit så klart tydeleg råd frå folket. Det er eg svært nøgd med, seier ordførar Lena Landsverk Sande. Det var 63 prosent valdeltaking i Vanylven. Det er like mykje som i eit lokalval. Ordføraren seier at kommunesamanslåing har engasjert folk i Vanylven. Heile 300 var samla til folkemøte.

– Ein skal leite lenge etter andre i landet som er så engasjerte, trur ordføraren.

Laster innhold, vennligst vent..

LES OGSÅ:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL