Hopp til innhold

– Facebook gjorde meg einsam

2. januar skreiv Heidi Bjermeland Håker det som vert hennar einaste statusoppdatering i 2014. No tek ho ein lengre pause for å bli kjent med verkelege folk.

Heidi Bjermeland Håker og baby

Heide Bjermeland Håker (35) skal ta seg fri frå Facebook i heile 2014. Målet er å bli mindre einsam.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Med to foreldrepermisjonar på kort tid, og mykje tid i åleine i stova, gjorde Heidi Bjermeland Håker det same som så mange andre – ho oppdaterte seg titt og ofte på Facebook om kva som rørte seg i verda utanfor heimen hennar.

Men altfor mange minte henne på om dei ho ikkje hadde møtt på lenge, og alt det ho ikkje hadde i kvardagen sin. Det gjorde henne både ulukkeleg og einsam.

« ... og har derfor bestemt meg for å ta ett års pause fra Facebook. Dette i håp om å få bedre og mer direkte kontakt med andre mennesker. Dermed vil det være liten vits i å kontakte meg "her inne", jeg er "der ute"!», skreiv ho derfor i ei siste statusoppdatering torsdag 2. januar, og la til mobilnummeret sitt.

– Ikkje sosialt

Håker fortel at ho ikkje har så lett for å bli kjent med nye folk, og lenge trudde ho at Facebook kunne vere ein måte å gjere det på. No ser ho ikkje slik lenger.

– Eg føler det slik at dei som lukkast sosialt, dei lukkast også på sosiale medium. Men eg er ikkje så trygg sosialt. Då vert det ikkje noko betre av å vere på Facebook, seier ho.

– Eg synest det ikkje er så sosialt eg, det å berre sitje der og vite alt om alle er rundt seg, utan at ein faktisk ser og møter dei, legg ho til.

Artikkelen held fram etter bildet.

Heidi Bjermeland Håker og barna

Babyen Iben og toåringen Tuva er gode kjelder til underhaldning. Utan ein smarttelefon med Facebook håper Heidi Bjermeland Håker å kunne vere meir til stades i familiekvardagen.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Håper andre følgjer etter

Førebels er det berre ho som har teke steget ut av Facebook blant dei ho kjenner, men håper det blir fleire etter kvart.

– Eg har venninner som seier at dei ikkje ville ha vore forutan Facebook fordi det er einaste måten for dei å ha kontakt med andre vaksne. Det er jo mange som går heime med små ungar som kanskje føler det litt sånn, men det irriterer meg at eg må gå på Facebook for å treffe folk, seier firebarnsmora.

Nett derfor er ho no klar for kome seg gjennom året utan å logge på nettsamfunnet ein einaste gong.

– Eg tenkjer at eg må tvinge meg sjølv litt. Skal ein verkeleg bli kjend med folk, må ein treffe og snakke med dei – vere i lag med dei. Eg har tenkt ein del på det. Det er eit paradoks at så mange føler seg åleine og deprimerte, sjølv om vi har mange rundt oss om vi berre tek steget utfor døra. På Facebook snakkar vi ikkje saman – ikkje sånn eigentleg.

Slå heller på tråden

No vil Håker heller bruke meir tradisjonelle metodar for å halde kontakt med folk, som å ringe og faktisk høyre stemma deira.

– På seg sjølv kjenner ein andre, kan ein vel seie. Det er noko om behov ein har sjølv. Det er kanskje det eg håper på, at folk gjer det med meg også. Då må eg vere flink til å ta personleg kontakt med folk sjølv.

– Eg brukte blant anna romjula til å ringe tanter og onklar som eg ikkje har snakka med på månadsvis. Det er fint med litt meir personleg kontakt, fortel ho vidare.

– Lett å bli litt fjern

Bente Kalsnes

Bente Kalsnes, stipendiat – Institutt for medium og kommunikasjon, trur at feil bruk av sosiale medium gjer at ein ikkje er til stades i vårt verkelege liv.

Foto: Eirin Cathrine Lade, UiO

Bente Kalsnes, stipendiat – Institutt for medium og kommunikasjon, meiner at multitasking kan vere grunnen til at sosiale medium kan oppfattast som asosialt.

– Mange brukar sosiale medium i sosiale sammenhenger, for eksempel i selskap med andre der ein multitaskar ved å vere ein del av samtalen samtidig som ein les det siste nye på Facebook eller Twitter. Dette gjer at ein ikkje er skikkeleg til stades, seier Kalsnes.

Forsking viser at sosiale medium vert kombinert med vennskap i offlineverda. Det mest vanlege er at vennskap ein har på nett er òg dei vennskapa ein har i det verkelege liv, opplyser Kalsnes.

– Vi har kanskje ikkje funne ut korleis vi skal bruke sosiale medium i sosiale samanhengar. Det er lett å bli distrahert og litt fjern viss ein er oppteken av smarttelefonen samtidig som ein er på kafé med vener. Mange snakkar om Mindfullness i desse tider, som handlar om å vere meir til stades i situasjonane ein er i. Det er viktig å vere tilgjengeleg der ein faktisk er, og ikkje i ein skjerm, seier ho.

Ho trur ikkje at det er ein trend å kutte ut sosiale medium. Men det som er ein trend er at ein brukar fleire tenester til ulike formål.

Mange ulukkelege kvinner

Ifølgje ein svensk studie som kom ut i 2012 vert mange kvinner ulukkelege av Facebook.

– Det er ikkje noko særleg å sitje på eit forum der det er mykje bløff rundt kor lukkeleg ein er, kommenterte sosialpsykolog Arnulf Kolstad til Nrk.no om resultatet. Det eintydige rådet til Kolstad var å slutte med det populære nettsamfunnet for å bli lukkelegare.

Sjølv om Håker ikkje er sikker på om ho er ferdig med Facebook for godt, trur ho det skal å bra å leve iallfall eitt år utan.

– Det var jo eit liv før Facebook også, avsluttar ho.