Heidi Rosander Lund
Foto: Sander Heggheim / NRK

Frykta som forsvann

Frykta for å bli mobba på treningssenteret var i ferd med å knekke draumen til Heidi Rosander Lund (44) om eit lettare liv. Så tok ho grep.

Ho vrir om bilnøkkelen. Hjartet dunkar og hendene er allereie sveitte, og det før ho har komme inn på treningssenteret. Dei negative tankane svirrar: «eg passar ikkje inn her», «folk kjem til å sjå på meg» og «dette vil eg ikkje utsette meg for».

Men ho prøver å minne seg sjølv på at ho vil gjere alt for å unngå slankeoperasjon, og strekker handa etter drikkeflaska som ligg i passasjersetet i bilen.

Heidi Rosander Lund

Heidi Rosander Lund drøymer om eit lettare liv.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Kvinna heiter Heidi Rosander Lund. Ho er 44 år og bur i Kristiansand. Den tidlegare programleiaren på lokalradioen Radio Sør har vore overvektig heile livet. I årevis har ho kjempa mot kiloa.

Døra inn til treningssenteret nærmar seg. Folk går inn og ut. Slanke og muskuløse kroppar i moteriktige treningsklede. Steget over dørstokken er langt. Ho vil eigentleg vere usynleg, men veit at ho ikkje er det. Ho gruar seg til blikka og håpar å unngå kommentarar, og sleske smil.

Ho er inne på treningssenteret. Blikket er festa i golvet. Ho går målretta mot stepmaskina. Så langt kjem ho aldri. Ho høyrer: – Ja, ja. Det var kanskje på tide. Dette treng du.

Det er slike situasjonar som gjer at Heidi har vegra seg for å trene på eit treningssenter. Sårande kommentarar, som kan gi eit kvart menneske ein stor knekk i sjølvkjensla og fjerne lysta til å trene.

Klumpen i halsen veks. Tårene pressar på. Ho vil ut derifrå og grip etter jakka der bilnøkkelen ligg i den eine lomma. Vegen mot utgangsdøra verkar uendeleg lang. I bilen kjem tårene. Kommentaren frå den unge veltrente mannen, som løfta manualar, gav ho ein knekk. Vegen tilbake til treningssenteret er lengre enn nokon gang. Men ho nektar å la muskelbunten knuse draumen om eit lettare liv.

Frykta for å bli mobba på treningssenteret var i verd med å knekke draumen til Heidi Rosander Lund (44) om eit lettare liv. Så tok ho grep.

Sjå video med Heidi og nokre av dei andre i gruppa på treningssenteret. Foto/redigering: Håkon Eliassen

Vendepunktet Kalendaren viser tysdag 4. november 2014. Det har gått lang tid og ho har gjort fleire forsøk på å trene på treningssenteret. Ho har måtte tole fleire kommentarar. Men endeleg føler ho seg trygg.

Heidi Rosander Lund

Her brukar Heidi eiga kroppsvekt på trening.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Hei! Er de klar for ei ny økt, seier ho og smiler til to-tre andre, som allereie har møtt opp.

Ho er allereie inne på treningssenteret. Den skremmande tanken på berre å gå inn døra er borte. Klumpen i halsen er borte. Den forsvann då ho for eit halvt år sidan logga seg på Facebook og oppretta ei i gruppe. Tanken var å samle overvektige for å gå saman på treningssenteret under mottoet «saman er vi sterke».

No gler ho seg til å gå på trening saman med dei andre i gruppa.

– Framleis er det slik at det ikkje er det kjekkaste eg gjer. Det er sikkert mange som kjem med nedlatande kommentarar, men eg bryr meg ikkje så mykje lenger, seier ho.

Ho veit at ho aldri kjem til å sjå ut som ein supermodell. Men det gjer ikkje noko, for det er ikkje det som er målet. Det einaste ho vil er å ha det bra. At vekta ikkje skal hindre ho å køyre karusellar på tivoli, gå om bord i ein båt, eller gå i fjellet så lenge ho har lyst til. Ting som er sjølvsagt og uproblematisk å gjere for dei fleste.

Ho var bestemt på å ta slankeoperasjon og hadde fått time. Ho avlyste operasjonen då ho sat i samtale med legen, som skulle operere ho. Då legen la ut om biverknadene bestemte ho seg: eg skal klare å gå ned i vekt utan operasjon.

Ho har mellom anna forsøkt hypnose og har gått ned i vekt. Dei siste fire åra har ho kvitta seg med 40 kilo. No er det trening og sunt kosthald som gjeld.

Ein mann i singlet trenar biceps. Han har markerte musklar og det er tydeleg at han har jobba for det. Han ser bra ut. Det same gjer ei kvinne i tights og singlet som løftar vekter. Begge har ein «perfekt» kropp. Kroppen mange drøymer om.

Berre få meter unna står Heidi på stepmaskina saman med to andre. Dei veit dei er overvektige og at dei ikkje ser «perfekte» ut, i alle fall slik samfunnet har definert ein «perfekt kropp».

No er det 25 personar i gruppa ho starta opp for eit halvt år sidan. Dei trenar ilag tre gonger i veka. 22 kvinner og tre menn frå slutten av 20-åra til over 60 år. Dei er flinke til å dra kvarandre med.

– Det er ein heilt utruleg gjeng. Vi har ein god tone og er sosiale saman. Det kan nesten ikkje beskrivast, seier ho.

Heidi Rosander Lunds treningsgruppe

Heidi Rosander Lund (t.v.) saman med resten av nokre i treningsgruppa hennar. Bak frå venstre: Dion Møller Jensen, Tove Iren Møller Jensen og Jarle Bergsagel. I midten frå venstre: Trine Mjåland og Anne Frydenlund Hornnes. Framme frå venstre: Heidi Rosander Lund, Else Jansen, Siri Fosselie og Anne Lise Eriksen Rutledal.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Ho er blitt flinkare til å snu negative tankar til noko positivt etter samtaler med ein coach. Blikka og kommentarane er ikkje like sårande lenger. Det hender til og med at ho svarar dersom nokon på treningssenteret er spydige eller kjem med frekke kommentarar.

– Eg er blitt litt tøffare etterkvart. Både på treningssenteret og elles. Eg har faktisk gått bort og vore anten litt fekk tilbake, eller i alle fall kommentert det. Det følest veldig godt. Eg trur folk skal sjå litt på seg sjølv i speilet før dei ser på andre, seier 44-åringen.

Ho meiner at mykje sit mellom øyra.

– Det kan vere lurt å ta tak i det psykiske når det kjem til slanking. Eg trur nok at vi som er overvektige har lett for å tenke at alle ser og pratar om oss. Vi lagar oss eit bilete av at det er slik, sjølv om det kanskje ikkje er tilfelle, seier ho.

OL-heltinne refsar treningssentra
30. september i år 2000 står ei veltrent kvinne i den eine svingen på Olympiastadion i Sydney. Lettkledd føre millionar av TV-sjåarar og tusenvis av tilskodarar på tribunane.

Trine Hattestad

Trine Hattestad då ho tok gull under OL i Sydney i år 2000.

Foto: LIONEL CIRONNEAU / AP

Ho har løfta tusenvis av kilo og sprunge mange kilometer for å nå målet om å ta sitt andre OL-gull i karriera. Trine Hattestad vinn over nervane og lukkast. Spydet fyk av garde i lufta og landar på 78.91 meter. Ho hoppar og jublar rundt på stadion.

14 år etter at OL-draumen gjekk i oppfylling driv ho treningssenter i Oppegård i Akershus. Ho er oppteken av å finne plass til alle - uansett bakgrunn, utsjånad og kroppsfasong.

– Treningssentra må tore å vere litt ujålete og ha rom for alle. Vi har fokus på å ha ein avslappa stil både når det gjeld utstyr og treningstøy. Alle skal føle seg velkommen uansett kropp og form. På dette området er det mange treningssenter som har ein lang veg å gå, seier ho.

– Eg trur samstundes at mange kan ha mykje att for å gjere som Heidi. Det kan vere lettare å ha nokon å jobbe saman med. Både når det gjeld trening og kosthald, seier Hattestad.

Årsaka til at Heidi vart overvektig er samansett. Ho er fødd med sjukdommen lipødem, som mellom anna fører til hevelse i beina. Seinare fekk ho også lymfeødem, som fører til oppsamling av lymfevæske i vevet.

– Dette samla gir hovne, væskefylte bein og er vanskeleg å gjere noko med. Eg har også slite med veldig lågt stoffskifte, men det er stabilisert no. Så er eg nok skuld i noko sjølv også, seier ho.

Jarle Berg Sagen er i full gang på romaskina på treningssenteret i Kristiansand. Han hadde aldri vore på eit treningssenter før Heidi tok kontakt.

– Eg har eigentleg alltid følt at treningssenter ikkje er noko for meg. Eg passa på ein måte ikkje inn. Det er litt enklare å vere med i ei gruppe med folk i same situasjon. Eg vert og meir motivert når eg kan trene saman med fleire, seier han.

Jarle Bergsagel

– Det er litt enklare å vere med i ei gruppe med folk i same situasjon, seier Jarle Bergsagel. Her i full gang på ro-maskin.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Fleire av oss blir feite Jørgen Foss (25) har vore leiar i Landsforeininga for overvektige sidan 2010. Den kjende talsmannen for overvektige nordmenn trenar på treningssenter, men det kostar. Trass i at han framleis er redd for kommentarar og blikk, så går han på treningssenter. Han føler seg forplikta som leiar i interesseorganisasjonen.

Jørgen Foss

Jørgen Foss er leiar i Landsforeininga for overvektige.

Foto: Kirsti Haga Honningsøy/NRK

Han fortel om eit tøft møte med miljøet på treningssenteret første gang han oppsøkte eit. Han følte at han ikkje passa inn. Mykje på grunn av store plakatar med menn med sixpack og kvinner med flat mage og store puppar.

– Treningssentra er ein viktig aktør for å betre folkehelsa i landet. Eg skulle ønske dei var flinkare til å opne seg og vise at dei er til for alle og ikkje berre ei snever gruppe som er veltrente, seier han.

I mai i år vart det presentert ein ny rapport om overvekt. Den viser at 53 prosent av oss nordmenn er overvektige. I 1980 var det same talet 44 prosent. Ifølgje rapporten er kvar femte gut i Norge overvektig, og kvar sjette jente. På verdsbasis døyr 3,5 millionar menneske av fedme og overvekt kvart år.

For å rekne ein person som overvektig må du ha ein kroppsmasseindeks (BMI) på 25 eller meir.

Sjekk din BMI her:

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «BMI kalkulator» i nytt vindu

Jørgen Foss utfordrar no treningssentra i landet til å bli flinkare til å inkludere alle.

– Dei viser ofte sixpack og store puppar når dei marknadsfører seg. Eg håpar dei kan bli litt meir folklege og i større grad appelere til meg og andre, som har litt for mange kilo på kroppen. Ikkje berre ei snever gruppe som er slanke og muskuløse, seier han.

Med feit julemat rett rundt hjørnet håpar han at treningssentra allereie vil dreie fokus vekk frå drøymekroppen til den vanlege nordmann.

Anne Thidemann er direktør i Virke Trening og representerer 360 treningssenter i Norge. Ho kjenner seg ikkje att i kritikken frå Jørgen Foss.

– Det er nok meir ei myte enn verkelegheit at nokon treningssenter berre har velforma kroppar på nettsidene eller i annonsene sine. Det er vanskeleg å kommentere synspunkt frå ein person som representerer ei gruppe. Virke Trening har tiltru til at treningssentra marknadsfører sine treningstilbod på ein motiverande, sunn og helsefremjande måte, seier ho.

Samstundes tykkjer ho det er trist å høyre at overvektige ikkje torer å gå på treningssenter.

– Det er trist om nokon opplever det slik. Mi oppfatning er at treningssentra er flinke til å ta imot folk i alle storleikar og fysisk form. Nesten ein million nordmenn trenar på treningssenter. Det seier vel noko om at dette er tilbod for folk flest. Mykje av dette dreiar seg kanskje om ei førestilling ein har skapt sjølv, meiner Thidemann.

Ønskjer fleire overvektige på treningssenter
Heidi Rosander Lund er ved å avslutte treningsøkta si og fortel om vidare planar. Ho har fått eit lokalt treningssenter til å starte opp med eigne treningstimar for overvektige. Ho håpar på å få fleire overvektige til å tore å gå på eit treningssenter.

– Det er enklare å gå på eit treningssenter når vi er fleire saman. Men eg håpar også at treningssentra kan bli flinkare til å inkludere alle, seier ho.

Heidi opplever å gå ned i vekt sakte, men sikkert. Ho veit at ho aldri kjem til å få ein modellkropp. Ho vil aldri sjå ut som den veltrente kvinna på reklameplakatane til treningssentra. Det klarer ho å leve med.

– Eg vil ikkje at vekta og kroppen min skal hindre meg i å gjere ting eg har lyst til. Eg er på god veg, seier ho og tek tak i ei vektstang på 10 kilo.

Heidi Rosander Lund

Heidi i aksjon på treningssenteret. Ho har no overvunne frykta for å trene her.

Foto: Sander Heggheim / NRK