Hopp til innhold

Per Petterson som døropnar

Forfattar Per Petterson har gjort det svært godt i USA – det kan verte ein døropnar for andre norske forfattarar.

Video Per Petterson

Sjå heile intersvjuet med Per Petterson om suksessen i USA.

Romanen Ut og stjæle hester, eller Out stealing horses som boka heiter på engelsk, fekk veldig gode bokmeldingar då den kom i USA. I tillegg fekk Per Petterson The International IMPAC Dublin Literary Award for Out stealing Horses, og bokmeldinga vart slått stort opp i New York Times.

– Alt skjedde same veka. Det vart ein kickstart, seier Per Petterson.

Tilfeldig suksess

Per Petterson, "Ut og stjæle hester" oversatt til engelsk.

Suksessen med Out stealing horses kan smitte over på andre norske forfattarar.

Foto: Anne Bøhler / NRK

Sjølv om utgangspunktet er ei god bok, er det til stor grad tilfeldigheiter som styrer skjebnen til boka, meiner Petterson.

Han har ikkje tenkt så nøye over at suksessen hans, kan verte ein døropnar for norsk litteratur i USA, men seier at han registrerer det med glede.

– Eg føler det ikkje slik, men eg ser at eg kanskje er det. Eg ser at Roy Jacobsen no kjem på same forlag som meg i USA, og Karl Ove Knausgård er selt til same forlag i Storbritannia.

Ut og stjæle hester har ifølgje forlaget totalt vorte selt i 350.000 eksemplar i USA. Romanen Jeg forbanner tidens elv kom ut i USA for om lag ein månad sidan, og ligg også godt an på salslistene.

– Suksessen tyder ekstremt mykje. Det kan ha ein smitteeffekt, det har vi sett før. Det kan verte ein døropnar for andre norske forfattarar, seier Frøydis Kristiansen Jørve, agent for Forlaget Oktober.

Meir vert omsett

Petterson har jobba ein del for Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet (NORLA), og også der ser ein tendensen.

– Søknadene til omsetjingsstønad til den engelskspråklege delen av verda aukar. Det er ganske nytt, seier Petterson.

Norske og skandinaviske forfattarar alltid selt godt Tyskland, Frankrike og aust-europeiske land, men veldig sjeldan engelskspråklege.

– Dei har så mykje litteratur sjølve, at dei har tenkt at dei ikkje treng oss. Men det gjer dei, dei har berre ikkje visst det. Men no veit dei det litt.

Han har også merka seg at langt fleire amerikanske forlag no er til stades på dei store bokmessene, til dømes i Frankfurt.

– Det er heilt klart at dei sjekkar ut Noreg no.

Andre kan kome i kjølvatnet

Knut Hoem

Litteraturkritikar i NRK, Knut Hoem, trur Roy Jacobsen også har gode sjansar i USA.

Foto: NRK

Litteraturkritikar i NRK, Knut Hoem, trur at forfattarar må skrive innan ein tradisjon armerikanarane kjenner seg att i, dersom ein skal få gjennomslag i USA.

Out stealing horses er ein genial tittel. Den går rett inn i den amerikanske western-mytologien med Tom Sawyer og Huckleberry Finn.

Hoem trur den første boka opna for Jeg forbanner tidens elv, og for at til dømes Roy Jacobsen no kan gjere det godt blant amerikanske lesarar.

– Eg trur at det er mogleg at andre norske forfattarar kan kome i kjølvatnet av suksessen til Per Petterson. Men det føreset at dei skriv på ein måte amerikanarane liker.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Sigrid: – Frustrerende å se at det internasjonale rettssystemet ikke fungerer

    Artisten Sigrid mener vi har et fantastisk system i Norge som vi må ta vare på, spesielt i disse «ekstra urolige tidene», kommer det frem i et intervju med NRK P3.

    – Det er frustrerende å se rett foran øynene at det internasjonale rettssystemet ikke fungerer. Det er jo helt jævlig.

    Hun fortsetter:

    – Det er ikke rart vi blir nostalgiske i popkultur som mote og musikk. Men jeg føler vi har vært nostalgiske de siste ti årene. Det sier kanskje noe om de siste ti årene.

    Artisten slipper sitt tredje album «There’s Always More That I Could Say» den 24. oktober. 28. november opptrer hun også på «P3 Gull».

  • NRK vant pris under Prix Europa

    NRK vant pris for beste digitale medieprosjekt i 2025 under Prix Europa fredag kveld.

    Prosjektet Darcula Exposed avslører flere av bakmennene bak en global meldingssvindel og var et samarbeid med den franske avisen Le Monde og de tyske allmennkringkasterne ARD og BR.

    Pris til NRK for beste digitale medieprosjekt under Prix Europa 2025
    Foto: NRK
  • «Blücher» årets mest sette film – etter bare to uker

    Krigsfilmen «Blücher» er sett av nesten 200.000 kinogjengere på to uker.

    Dermed passerer den «Affeksjonsverdi» som den mest sette kinofilmen i år.

    Totalt er det solgt 197.212 billetter til «Blücher», filmen om det tyske krigsskipet som ble senket i Drøbaksundet 9. april 1940.

    Filmen hadde premiere på norske kinoer 26. september og hadde den best besøkte premierehelgen for en norsk film siden 2021.

    (NTB)

    Bjørn Sundquist, Odin Waage, Daniel Fahre m.fl. poserer for et bilde foran et skilt
    Foto: Geir Olsen / NTB