Hopp til innhold

Sjå Mathias Eick blåse liv i kontoret

Den plateaktuelle trompetisten Mathias Eick spelte ein av sine mest intime konsertar i karrieren då han stilte til kontorkonsert i lag med bandet sitt i Nasjonalbiblioteket tirsdag. Sjå og høyr konserten her!

Video Kontorkonsert med Mathias Eick

Erlend Slettevold, Gard Nilssen og Mathias Eick under kontorkonserten i Nasjonalbiblioteket. Stillfoto: Fred-Olav Vatne/NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

NRK inviterer denne våren til ein serie med åtte kontorkonsertar, i samarbeid med MIC Norsk Musikkinformasjon og NOPA. Mathias Eicks konsert i Nasjonalbiblioteket var den andre i rekka, og vart sendt direkte på P2 i Kulturhuset.

Sjå den første konserten: Kontorkonsert med Jarle Bernhoft

– Gir eit ærleg bilete av musikken

Musikarane fekk langt mindre drahjelp frå teknikken enn under ein vanleg konsert, og trommisane Torstein Lofthus og Gard Nilssen måtte greie seg med ei spansk trekasse og ei gammal stortromme.

– Når ein må klare seg utan forsterkning, sit ein att med essensen av låtane, seier Mathias Eick.

– Det gir eit ærleg bilete av musikken å spele den akustisk, utan tilbehør. Eit slagord på ungdomsklubben eg spelte på som 14-15-åring var at «du er ikkje tøff viss du treng PA» (større lydanlegg, journ.anm.). Men gutta i bandet er gode til å spele, så dei treng ikkje slikt.

Kontorkonsert i Nasjonalbiblioteket

Mathias Eick stilte med fullt band: Torstein Lofthus (trommer/trekasse), Audun Erlien (bass), Erlend Slettevold (el-piano), Gard Nilssen (trommer).

Foto: Fred-Olav Vatne / NRK

Ny plate rundt hjørnet

Mathias Eick er inne i ein svært hektisk periode som komponist og musikar; han står for musikken til dramaet Innsirkling ved Det Norske Teatret, han skal spele under ski-vm og skriv tingingsverk til Vossajazz i april. 4. mars kjem den nye plata Skala ut i Noreg.

Les: Anmeldelse av Mathias Eick: Skala

Kontorkonserten i Nasjonalbiblioteket baud på eit aldri så lite pusterom for den travle trompetisten:

– Det var gøy, og veldig annleis enn det eg gjer elles, seier han.

– Eg tenkte mest på dei som stod i lokalet, og ikkje så mykje på alle som høyrde konserten på radio. Det var ei fin og intim setting å spele i, nesten som å vere på øving.

Den neste kontorkonserten finn stad 8. mars – på kontoret til kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas.

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor