Hopp til innhold

Det vesle språket frå Ruija

Eitt av våre minste språk er utan ordbøker og grammatikk, men torsdag fekk kvensk ei eiga talespråksamling, Ruija-korpuset.

Kvenbryllyp i Børselv, 2004.

Vil kvenene i Finmark få sitt eige skriftspråk? Førebels finst det verken kvenske ordbøker eller grammatikk.

Foto: Sonja Siltala, fylkesfotograf i Finmark

Sommaren 2007 var språkforskar Pia Lane og ein finsk assistent på jakt i Finmark, væpna med mikrofon. Det kvenske språket skulle dokumenterast.

Verdspremiere

Pia Lane

Pia Lane kunne torsdag presentere resultatet av mange års arbeid.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Resultatet blei 39 timar med opptak på kvensk, og 6 timar på norsk. Snart 3 år etter utgjer desse opptaka, saman med ein del eldre opptak, eit splitter nytt talespråkskorpus.

Torsdag brusa det i champagne ved Universitetet i Oslo.

Styrar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier, Bente Christensen, ynskte stolt velkomen til opninga av Ruija-korpuset, det fyrste, digitale talespråkskorpuset for kvensk.

Åssen eller hvordan? Moren eller morra?

Snakkar du Oslodialekt? Vil du bidra i eit forskingsprosjekt? Du er berre eit tastetrykk unna.

Ingunn Indrebø Ims og Karine Stjernholm

Ingunn Indrebø Ims (t.v.) og Karine Stjernholm ventar spent på svara dine.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

I desse dagar blir ei heilt ny språkundersøking lansert i Aftenposten si nettutgåve. Bak undersøkinga står stipendiatane Ingunn Indrebø Ims og Karine Stjernholm, som skal bruke resultata i si forsking på Oslodialekta.

Her finn du Oschlo-testen .

Men det er inga lett oppgåve språkforskarane gir Oslofolket. For kven har vel fullstendig oversikt over sitt eige talemål?

- Det blir spennande å sjå om folk svarar det dei faktisk seier, og ikkje det dei trur dei seier. Vil dei som svarar klare å distansere seg frå skriftbiletet når dei tenker på sitt eige talespråk? seier Stjernholm.

Men sjølv dette er mat for forskarar, Stjernholm håpar undersøkinga mellom anna vil vise om forestillingane Oslofolket har om sitt eige talemål ligg langt unna talemålet dei faktisk brukar.

I Språkteigen søndag 11. april møter du både Pia Lane, Ingunn Indrebø Ims og Karine Stjernholm.

Du finn oss òg på Twitter og på Facebook .