Hopp til innhold

Inga Juuso

Møt verdas einaste utnevnte fylkesjoikar. Inga Juuso har vakse opp med eit naturlig forhold til joiken frå ho var lita. Og ho får til og med ei stjerne som Mari Boine bittelitt misunneleg.

Inga Juuso

-Joik er terapi for meg, minnenes melodi. Eg må bare joike, sier Inga Juuso.

Foto: Tone Jorunn Tveito

- Ho er ein av de viktigaste bærerane av vår tradisjon, seier Mari Boine. Ho har lenge venta på at Inga skulle bli meir synleg i Norge. Sjølv er ho aldri misunneleg på andre menneskje, men likevel er ho litt på Inga.

Inga har vakse opp med eit naturleg forhold til joiken frå ho var lita, medan i familien til Mari var det å joike synd. Inga har samarbeida med Mari Boine på fleire prosjekt.

- Inga er både opptatt av å ta vare på joiken og har respekt for joiken, men på same tid er ho open for eksperimentering, fortel Mari Boine.

Kvifor stemme?

- Stemma har mange valører. Stemma gjev deg noko, reint kroppsleg. Sjølv blir du instrumentet. Måten du brukar stemma på når du joikar, er råare enn når du syng. For å få joiken ut, må du bruke ei kraft som er anleis, seier Inga tankefullt.

Allsidig bakgrunn

Inga Juuso og regissør Mette Brantzeg

Inga Juuso og regissør Mette Brantzeg.

Foto: Tone Jorunn Tveito / NRK

Eigentleg valde ho ikkje joiken og songen som leveveg. Ho valde journalistyrket. Som fyrste same tok ho journaliststudiet i Oslo. Ho arbeida i 15-20 år som journalist, så kom forespørselen om ho ville ta ei rolle på teateret.

Oppdrag parallelt med jobben i NRK Sameradio auka. Ho fann ut at ho måtte velge. Sidan 90-talet vart profesjonen musikar og skodespelar.

Fylkesjoikar

Inga Juuso cd "Skáidi"
Foto: Wenche Marie Hætta

I dag er ho landsdelsmusikar i Troms og er verdas fyrste og einaste fylkesjoikar. Oppdraga er alt frå skulekonsertar til store festivalar og teaterscener. Arbeidsdagen er prega av eit liv på farten frå den eine scena etter den andre i Norge eller utlandet.

I vår gav ho ut dei to kritikarroste cdane ”Skáidi” og ”Váimmu Ivnitt”. Akkurat no er ho premiereklar med ”Dusse Anna” der ho har hovudrolla.

Livet er hektisk, men stemma er alltid med ho. Enn om ho er trist eller glad. Joiken har ei eiga kraft i seg. Rå og vakker, fortel Inga som har tradisjonen sin frå Alta-Kautokeino området.

Ingas historie

I Ukas P2-artist møter du Inga der ho fortel korleis det heile starta, korleis joiken vart profesjonen, om den samiske kulturen og naturen. Korleis ho går inn i ulike roller på teaterscena og korleis dei påverkar ho som menneskje, om engasjementet for å vidareføre joiken og om musikken inne i hø sjølv.

- Musikk er noko eg kan kvile i, seier Inga og røpar at no er draumen eit lite raudt hus med hage. Der vil ho ha tid. God tid til å skrive.