Hopp til innhold

Fra Kielland til rim og regler

Fra Alf til Å finner fram gamle rim og regler, og dykker også ned i Alexander Kiellands liv og diktning.

Rim, regler og gåter
Foto: Børretzen, Sverre A. / SCANPIX

Rim, regler og gåter

Kobben velter seg opp på eit skjer / det ryk for han både vind og ver/ han let sine ungar suga / han gav dei dertil nyttug vask / han lærte dei å symja kvast.

Nisa ho bles i bylgjene blå / seien han løyp i dottane små / hummaren kryp i urer / og barnet ligg og lurer.

Dette er ei voggesong for fiskarborn.

Voggesongene for småborn har alltid vore prega av Iandskapet dei bur i. På gardane handla gjerne songene om dyra på garden og i skogen, i fiskarheimane langs kysten handla dei om fiskar og dyr som levde i og ved havet.

Å kunne lage ei vanskeleg gåte, kunne redde liv. Ein som var dømd til døden for eit brotsverk kunne, i nokre høve, sleppa fri dersom han kunne lage ei gåte som ingen greidde å løyse.

Meir om voggesonger og gåter og anna smådikting kan du høyre programmet ”Rim, regler og gåter”.

 

Alexander Kielland

Diktaren Alexander Kielland (1849 – 1906) hadde to hovudkjelder til forfattarskapet sitt:

Den store indignasjonen og den store medkjensla. Indignasjon over alt det offisielle hykleriet i dåtidas victorianske samfunn, og medkjensle med ofra for denne hykleriske samfunnsmoralen.

Alexander Kielland
Foto: NTB arkiv / SCANPIX

 

Kielland debuterte på slutten av 1870-talet, og plasserte seg straks på ytste venstre fløy, blant dei mest radikale. Dei kontroversielle synspunkta hans førte til at han, i motsetnad til dei andre store forfattarane, ikkje fekk diktarløn av Stortinget, trass i at både Bjørnson og Jonas Lie tala hans sak. Fleire av representantane meinte at Kiellands radikale diktning var "ein fare for lov og orden"!

Fra Alf til Å sender ein minnefest for Kielland frå 18. februar 1949, på dagen 100 år etter at han vart fødd. Per Aabel les novellene ”Torvmyr”.