Hopp til innhold

Vil byrja bygginga av Hordfast i 2018

KrF-leiaren ynskjer at E39 skal bli ferjefri snarast råd. Saman med Høgre-leiar Erna Solberg vil Knut Arild Hareide byrja bygginga av Hordfast-prosjektet over Bjørnafjorden i 2018.

Typisk Vestlandet

FERJEFRITT SNARAST: Erna Solberg (H) og Knut Arild Hareide (KrF) på Sandvikvåg ferjekai på Stord. Begge vil starte bygging av Hordfast i 2018.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Me må koma i gang med dette arbeidet. Allereie i 2018 vil me starta bygginga av Hordfast, seier leiar Knut Arild Hareide i Kristeleg Folkeparti til NRK.

Ferjestrekninga mellom Halhjem i Os til Sandvikvåg på Stord tek i dag mellom 35 og 40 minutt. I Hordfast-prosjektet vil ei flytebru over Bjørnafjorden kunne erstatte ferjeturen.

– Kan me få gode bruløysingar her, så vil det kunne vera den største tidsbesparinga på heile kyststamvegen vår, held Hareide fram.

Valkamp i ferjekøen

Alternativer E39 Aksdal-Bergen

ULIKE TRASEAR: Høgre vil at E 39 skal gå i midtre trasé over Bjørnafjorden (gul linje).

Foto: Statens vegvesen

Sundag dreiv han valkamp på ferjekaien på Sandvikvåg saman med Høgre-leiar Erna Solberg. Laurdag starta Høgre sin valkampturnè på Vestlandet i Stavanger.

Høgre droppar forslaget med indre trasé over Fusa, og går for midtre trasé (sjå illustrasjonen til høgre) for ein ferjefri strekning mellom Bergen og Stord.

Også Erna Solberg vil ha byggestart i 2018.

– Vi ynskjer å bygga ein ferjefri E 39 og vi vil gjera det raskare. Her i Hordaland er det viktig å bygge Hordfast, og vera tydelege på at vi kan bygge det raskare enn det regjeringa har lagt opp til, seier Solberg til NRK.no.

Ein midtre trasé vil følgja dagens E39 nordover frå Leirvik på Stord før det vert hengebru over til Reksteren på Tysnes. Vidare blir det flytebru over Bjørnafjorden til Halhjem. Heile prosjektet har ein prislapp på 19,3 milliardar kroner.

Kan vera ferdig i 2022

Hareide er glad for at Høgre og KrF rettar fokuset på saka saman.

– Når vil prosjektet stå ferdig?

– Det kjem jo an på anleggsperioden. Men i 2022 kan anlegget vera ferdig. Og det er ein stor forskjell, for i dag seier regjeringa at dei ikkje vil starta planlegginga før i neste Nasjonal transportplan, altså etter 2024, hevdar han.

Ynskjer raskare tempo

Han seier at KrF og Høgre ynskjer seg eit raskare tempo på den totale utbygginga av ferjefri E 39 enn det dei raudgrøne planlegg.

– Dei raudgrøne vil starta med eitt prosjekt dei neste ti åra, medan me vil byrja med tre prosjekt, forklarar Hareide.

Prosjekta han siktar til er Rogfast i Rogaland, Hordfast i Hordaland og Møreaksen i Møre og Romsdal.

– Men då må me tenka litt meir kreativt. Me må nytta meir fornyande måtar å byggja på, og det er absolutt mogleg.

Bompengar

Bergens Tidende skriv at Høgre vil gjennomføra bygginga av Hordfast som eit sokalla OPS-prosjekt. Det inneber at det offentlege gjev byggjeoppdraget til ein privat aktør, som tek risikoen for overskridingar. Til gjengjeld får aktøren inntekter som til dømes bompengar.

For det blir bompengar på ferjefri E 39, også om dei borgarlege kjem til makta.

– Prosjekta vil i stor grad verta finansiert av dei som nyttar dei, seier Hareide.