Hopp til innhold

Elva fekk mindre og mindre plass - så kom flaumen

Medan bygda vaks, fekk Opoelva mindre plass å boltre seg på. – Hadde vi latt naturkreftene vere i fred, kunne vi ha sleppt unna med ei oversvømming, meiner Verner Eide (68).

Verner Eide (68)

GAMLE UTSIKTEN TILBAKE: Verner Eide (68) såg bustadhuset framfor hagen sin forsvinne i flaumen. Han har aldri sett Opoelva så stor og vill som den var i førre veke. Reporter: Jon Bolstad | Foto/redigering: Christian Kråkenes

Opoelva har blitt snevra inn og vannføringa har som følgje av det blitt mykje høgare. Det fekk konsekvensar no.

Verner Eide (68)

Onsdag førre veke fekk Verner Eide plutseleg den gamle utsikta frå oppveksten tilbake, då flaumen i Odda stakk av med fleire hus i nabolaget. Eitt hus rett framfor der 68-åringen vaks opp, måtte gje tapt då Opoelva gjekk langt over sine breidder.

– Eg vaks opp her i 1950-åra. Då hadde vi grisehus og hønsehus framfor hagen. Så låg det mange elvesteinar her. Når elva var stor så gjekk den innover til hit.

Eide står i hagen sin, peikar over hekken og syner kor elva nådde då vassføringa var over det normale då han var ung.

– I 1950-åra vart det bygd eit nytt hus der, nesten rett i elva, forklarer han.

Førre veke forsvann det – ein familie mista heimen og alt dei eigde.

– Elva har blitt smalare

Eide skildrar naboens tap som «heilt forferdeleg» og seier han tenkjer på dei som måtte sjå huset fara med elva. Sjølv var han i ferd med å evakuere seg sjølv når han plutseleg fekk Opoelva som næraste nabo igjen.

– Eg var inne i huset mitt rundt klokka 01.30 natt til onsdag. Då eg kom ut igjen var halve huset framfor her vekke. Det buldra, braka og knaka.

Han forklarer korleis Opoevla har blitt smalare og smalare opp gjennom åra. I tillegg til husa som kom opp nærare elva på vestsida, syner Eide til ei industritomt på austsida som har vorte jamleg bygd ut frå 1960-talet og utover.

– Det har vore med på å gjera elveløpet mykje smalare akkurat her. Det har blitt snevra inn og då blir vassføringa mykje høgare. Det fekk konsekvensar no.

Saka held fram under biletet

Vannskader i kulturhuset på Voss.

OVER BREIDDENE: Fem hus, eit hus, ein garasje og ein buss vart tatt av dei enorme vassmengdene når Opoelva flauma over førre veke. Huset framfor Verner Eide sitt (det grå huset mellom det gule og det blå nærast elva) forsvann.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Kan ikkje utfordre naturen

Skader ved Hjøllo bru

BORTE VEKK: Opoelva tok sine gamle territorium tilbake i førre veke. Her er nabolaget til Verner Eide sett frå Hjøllo bru i nord. Då vass-standen var på sitt høgste tysdag og onsdag, var dei to store steinane fremst i biletet ikkje moglege å sjå.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Vi har aldri forbunde Opo med noko risiko opp gjennom åra

John Opdal, ordførar i Odda kommune

På sine nesten 70 år som innbyggjar i Odda, har Eide aldri sett elva større og villare enn den var natt til onsdag førre veke.

– Vi ser no at det ikkje går an å utfordre naturkreftene. Sjå korleis det ser ut, seier han og ser seg rundt.

– Hadde elva fått liggja i fred, så hadde vi kanskje sleppt unna med oversvømmingar.

– Ikkje gunstig

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har vore i Odda i fleire dagar og blir også verande denne veka. Dei leiar arbeidet med å rydde opp og sikre husa som framleis står i fare etter elva sine herjingar.

Ifølge fagekspertisen i NVE er det ikkje heldig at elver blir snevra inn som følgje av utbygging.

– Eg kjenner ikkje historia her i Odda i detalj, men generelt kan eg seia at det i utgangspunktet er ugunstig å snevra inn eit elveløp og bygga igjen naturlege flaumløp. Vatnet får eit mindre areal å renna på, forklarar sjefingeniør i NVE, Eirik Traae.

Saka held fram under videoen:

NRK har fløyet over flomrammede Odda.

SJÅ VIDEO: Slik ser Odda ut etter flaumen på Vestlandet i oktober.

Fortetting i sentrum

På rådhuset i Odda studerer ordførar John Opdal (Høgre) gamle bilete av Odda sentrum. Eit over hundre år gamalt bilde syner at Opoelva hadde eit større spelerom då. Etter kvart har bruer, industri og husbygging kome til då kommunen vaks seg til.

– Vi har bygd nærare Opo og det har vore bygd opp murar langs elva. Det gjer at elveløpet kanskje har blitt noko trongare, seier Opdal som kom til industrikommunen i 1979.

Han forklarar at mangel på tomter mellom bratte vestlandsfjell er noko av årsaka til innsnevringa av elveløpet.

– Skal du bygge nye hus må du opp i fjellsida. Så då har nokon bygd hus på til dømes tomta til forelda. Då har vi fått ei fortetting og vi har kome nærare elva.

Ei slik utvikling er ikkje unikt for Odda.

Saka held fram under biletet

Ordførar i Odda, John Opdal ser på gamle bileter i gangen på rådhuset

Ordførar i Odda, John Opdal syner fram over hundre år gamle bilete av Odda sentrum.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Såg ikkje på elva som ein risiko

Statsminister Erna Solberg vitja flaumområda på Vestlandet denne helga. Det ho fekk sjå gjorde inntrykk. Til NRK sa ho at ein i framtida må ta førehandsreglar når hus skal byggjast i nærleiken av både ras- og flaumutsette område.

– Vi må tenke annleis enn då vi bygde på 1940 og 50-talet. Vi må ta omsyn til at klimaendringar kan gi meir jordskred og flaum, sa statsministeren.

Det er Odda-ordføraren heilt samd i.

– Men vi har aldri forbunde Opo med noko risiko opp gjennom åra. Det er dei siste dagane som har sett ein støkk i oss og som gir oss utfordringar i framtida. No må vi få ei kartlegging frå NVE på kor nærme vi kan bygge, og også få dei husa som står nærme i dag.

– Medverkande faktor

Som gutunge såg heller ikkje Verner Eide (68) på elva som nokon farleg nabo.

– Vi hadde hoppbakke på andre sida når vi var små. Om vinteren kryssa vi over, ved å hoppe frå stein til stein. Same kor lita elva er i dag, er den aldri så liten som den var på den tida.

– Eg kan aldri huska at Opoelva har gjort nokon skade i dei nesten 70 åra eg har levd her. Men det ekstreme vêret og at elva har blitt smalare gjorde at vi fekk dette resultatet, avsluttar oddingen.

Arbeidet med å sikra husa som no ligg næraste elva byrjar så snart som råd. Framfor huset til Verner vil det bli bygd ein anleggsveg og deretter ein voll med hjelp av steinar. Det er lite truleg at Eide misser utsikta si igjen.