Hopp til innhold

Hjerteskjærande møte med flaumofra

Knut Granheim var med på å redde 68 personar under flaumen i Odda. Onsdagsmorgon måtte han ringe kona å fortelje at huset deira var tatt av Opoelva. Sjå det sterke møtet mellom familien og statsminister Erna Solberg.

Knut Granheim jobba for å berge folk ut av husa sine under flaumen i Odda.

MISTA HUSET: Familien mista huset under flaumen i Odda førre veke. Laurdag møtte dei statsminister Erna Solberg.

Store delar av infrastrukturen på Vestlandet er skrubba vekk etter storflaumen dei siste dagane. Mange har mista bustaden sin, og fleire er enno evakuerte frå heimane sine.

ALT OM FLAUMEN: Oktoberflaumen 2014

Eg føler at slik me lever no er me berre på ein ferie, på besøk. Me skal heim. Men me har ikkje nokon heim.

Åse Kaland

I Odda har sivilforsvarsleiar Knut Granheim hatt ei veke verken han eller oddingane truleg kjem til å gløyme med det fyrste.

Tysdagskveld i 11-tida reiste han ut for å hjelpe til med å evakuere folk frå husa sine då Opoelva byrja true busetnaden langs vassdraget.

Kvart over seks onsdagsmorgon måtte han ta den tunge telefonen til sin eigen familie som også var evakuerte: Huset deira var gått på elva, og dei stod at utan noko.

LES OGSÅ: Sivilforsvarleiaren såg huset sitt bli tatt av flaumen

– Me har ingen heim lenger

I går kom statsminister Erna Solberg til Odda for å møte dei som har mista heimane sine og alt dei eigde under flaumen.

Erna Solberg i Odda

ODDA: Statsminister Erna Solberg besøkte Odda for å sjå skadane etter storflaumen.

Foto: Jon Bolstad

Det blei vondt for familien å syne fram skadane etter flaumen til statsministeren.

– Eg føler at slik me lever no er me berre på ein ferie, på besøk, me skal heim. Men me har ikkje nokon heim, sa Åse Kaland til Solberg, då dei møttest under statsministerens synfaring i Odda.

Det var ein tydeleg rørt statsminister som fekk høyre historia deira.

Sjå video frå møtet øvst i saka.

LES OGSÅ: Sjå oversikt over dei enorme øydeleggingane