Utan småbruk vil det som lokkar turistar til Sognefjorden gro att. Det fryktar turistnæringa no som regjeringa ikkje vil gje bøndene det dei ynsker i jordbruksoppgjøret. For utan nokon som tek vare på naturen og som bur i fjordane, vil turistane forsvinne, meiner turistnæringa i Flåm.