Tre bedrifter i Møre og Romsdal har fått Norsk designråds merke for god design. I den lille bygda Eresfjord fekk flaska til Eiravatn den gjeve utmerkinga. No håper eldsjelene bak flaskevatnet at prisen kan gi dei eit gjennombrot i marknaden. Møbelbedriftene LK Hjelle i Sykkylven og Variér Furniture i Skodje fekk også merket for god design.