skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Nyheter/Innenriks/valg/valg 2003 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2003 Sist oppdatert 14:48
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
 
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Folkestyret ute?

Sluttrapporten frå maktutgreiinga er ei kraftig utfordring til dei som held folkestyret høgt. Makta renn ut av folkevalde organ, men det har delvis skjedd med vilje. skriv vår politiske kommentator Bjørn Bø.

Publisert 27.08.2003 11:16.
Av NRKs politiske kommentator Bjørn Bø

Dei fleste har lenge sett at romet for folkevalde organ har blitt mindre. No er det grundig dokumentert av maktutgreiinga. Mykje makt er skuva over til det som med eit ullent ord kan kallast "marknaden". Makt er også flutt til domstolane gjennom lovregulerte rettar, både nasjonalt og internasjonalt. Dette er til dels gjort med vilje gjennom politiske vedtak, sjølv om det openberrt er tungt å velje ein annan veg enn ein gjer i høve til globalisering, WTO og EØS for den del.

Tillitskrise

Den mest alvorlege tankevekkjaren for politikarane må likevel vera den djupe tillitskrisa mellom veljarane og politikken. Midt i valkampen får politikarane vita at veljarane ser liten skilnad mellom partia, ein tredel av veljarane skifter parti frå val til val, ungdom bryr seg lite, og ikkje minst - veljarane ser liten samanheng mellom det politikarane lovar og den politikken dei fører i praksis. Og veljarane meiner at politikarane ikkje høyrer på dei.

Saman med kunnskapen om at dei me vel til kommunestyre og fylkesting har mindre makt til å utrette ting enn før,
kan dette føre til enno mindre interesse for eit val der mange alt spår at frammøtet blir sørgjeleg dårleg. Det er opp til politikarane å gjera den spådomen til skamme. I valkampinnspurten er det ikkje berre stendig fleire trulause veljarar å kjempe om.

Maktutgreiinga utfordrar også politikarane til å spørje seg sjølve KORLEIS dei driv politikk. Eg skulle tru at uroa i partihovudkvartera ikkje er mindre etter sluttrapporten frå maktutgreiiinga.

Rom for motoffensiv?

Det er store skilnader mellom ulike parti i synet på kor mykje makt folkevalde politiske organ bør ha. I den valkampen som går no, kappspring rikspolitikarane for å gje kommunane meir fridom til å bruke pengane sine som dei vil.

Dersom det mot ventande skulle bli til røyndom, kan det auke makta for dei som syslar med kommunepolitikk. Men haken er at dei same rikspolitikarane saman med pengane til kommunane sender krav om normer og standardar som snører inn maktromet.

Eit anna problemområde finn ein i den store rikspolitiske oppsplittinga, og mangelen på evne til å skipe fleirtalsregjeringar. Den noverande regjeringa har fleire parti, som fysst må kompromisse bort delar av sine eigne lovnader til veljarane internt i regjeringa før dei må kompromisse enno meir i Stortinget. Her skulle det vera potensial til å rette opp noko av tillitsbristen mellom veljarar og politikarane. Og kanskje konsolidere makt hjå folkevalde organ.

Ei anna utfordring er ei djupare drøfting av kor mykje makt som skal gjevast til domstolane, som maktutgreiinga meiner alt er meir politiserte enn før. Lovregulering av rettar aukar svært i omfang. Spørsmålet for politikarane blir om dei vil gje enno meir makt til domstolane, eller om dei vil halde på meir av ho sjølve.

Siste saker:
Siste saker:

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 
LES OM VALGET I DIN KOMMUNE
10 SISTE NYHETER
Følg debattane i
Stortinget på
direkten.
Video Video  Lyd Lyd
30 SISTE VALGNYHETER FRA HELE LANDET
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no