skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Nestleiarstriden i Arbeidarpartiet

Komande leiar i Arbeidarpartiet, Jens Stoltenberg, sa onsdag at aukande vanskar
for den konkurranseutsette industrien er enno ein grunn til å skape
fleirtalsregjeringar.
Men ulike utspel denne veka har ikkje gjort det lettare for Stoltenberg å nå dette målet.

Publisert 23.08.2002 10:07. Oppdatert 23.08.2002 10:08.
Av poltisk medarbeidar Bjørn Bø

Stoltenbergs utgangspunkt for samarbeidsinvittar har langsiktig mål, og kan sjølvsagt lukkast. Men på stutt sikt er det ikkje så lett, når det no tettar seg til mot neste års statsbudsjett.

I den oppheita debatten om grunnlaget for Noregs Banks rentepolitikk, står Stoltenberg fast på dei reglane han sjølv var med på å lage for banken.

Der kjem han i motsetnad både til dei potensielle venene i SV og Senterpartiet. Og - kanskje vel så viktig - han står i motsetnad til sterke LO-krefter og rentekritikarar i Arbeidarpartiet, som Trond Giske.

Dette er ikkje alminneleg politisk ping-pong. Det er alvorlege spørsmål. Det gjeld arbeidsplassar og spørsmål om korleis økonomisk politikk kan lette presset mot renta.

Dette går rett inn i handteringa av det komande statsbudsjettet.

Situasjonen styrker argumenta for det fleirtalsstyret Stoltenberg talar for - og som Kjell Magne Bondevik bagatelliserer tydinga av . Men realiteten er politiske sprik, utan synlege fleritalskonstellasjonar.

Det me har sett så langt er mellom anna ein lett komisk debatt om kor vidt venstre-opposisjonen kan stø
budsjettet til den Bondevik-regjeringa den same opposisjonen meiner driv skadeleg skattelettepolitikk.

Og me har sett Carl I Hagen koma heim frå Spania med nye kreative framlegg om bruk av meir oljepengar.

Stoltenberg ynskjer på lang sikt å huke tak i Kristeleg Folkeparti til grunnlag for eit fleirtalsstyre.

Men førebels er det viljen til å plage nettopp Kristeleg Folkeparti Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet
er mest samde om - og flinkast til, for den del.

Ein annan komplikasjon for Stoltenbergs samarbeidsstrev er partileiar Thorbjørn Jaglands åtvaringar mot nei-til-EU-partia. Arbeidarpartiet må ikkje skli ut av eigen politikk av taktiske grunar, meinte han i eit ope brev denne veka.

Han legg vekt på at ein ikkje må skusle bort EU-saka, og peikar rettmessig på kva partiet står for no.

Men verknaden er at Jagland blir oppfatt som han gjev ein korreks til Stoltenberg.

Og i partiet kan ein høyre røyster som oppfattar Jagland som ei drivmine i Stoltenbergs samarbeidsbadekulp.

Arbeidarpartiet har på fleire vis framleis nok med seg sjølv, både med å avklare politisk kurs og avklare kven som skal leie partiet.

Nestleiarstriden er ikkje berre ein personleg kamp om posisjonar. Den er også ein strid om politisk profil, - mest knytt til debatten om Trond Giskes kandidatur til nestleiarpost.

Her er det spørsmål om rett kjønn, og om han er farlegast for Stoltenberg inne i, eller utanfor partileiinga.

Han har stønad på det som tradisjonelt kallast venstresida - med sin EU-motstand og rentekritikk, mellom anna.

Striden syner for all verda at Arbeidarpartiet er svært langt unna å ha klart skip. Her haglar det med vikarierande grunngjevingar for den eine eler andre kandidaten.
Hovudtema er både politisk profil og kjønnskvotering.

Det er to tydlege teikn på at partiet er inne i eit alvorleg uføre på nytt - berre få månader etter
den harde striden mellom Jagland og Stoltenberg:

1) Kvinnerørsla påkallar kjønnskvoteringsarven etter Gro Harlem Brundtland. Det er kraftig medisin.

2) Valkomiteen i partiet er kalla inn til omframt møte neste fredag. Den skulle etter planen ha sitt neste møte 25. oktober.

Alt dette gjer også at andre parti lurar på kva slags Arbeidarparti dei får å gjera med etter kvart. Det også svekkar Arbeidarpartiets samarbeidsevne akkurat no.

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no