skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Kamp mellom halvstore

Meiningsmålinga Opinion har gjort for NRK og Aftenposten varslar beinhard sluttspurt i valkampen mellom fire halvstore parti.

Publisert 11.09.2003 11:14. Oppdatert 11.09.2003 12:51.
SE OGSÅ:
ALT OM:
Av NRKs politiske kommentator Bjørn Bø.

Målinga stadfester at Framstegspartiet kan gjera eit svært godt val, og få gjennombrot i kommunane. Det same gjeld Sosialistisk Venstreparti, som har 17 prosent på målinga no, mot 8,5 prosent ved kommunevalet for fire år sidan.

Ap-leiar Jens Stoltenberg, SV-leiar Kristin Halvorsen og Høgre-leiar Jan Petersen. (Foto: Marit Hommedal, Scanpix)
Arbeidarpartiet, derimot, må berre finne seg til rette på eit nivå kanskje under katastrofenoteringa ved siste stortingsval på 24 prosent. Med ein liten framgang sidan sist veke, og attvunnen posisjon som største parti, har framleis Arbeidarpartiet ein så veik posisjon blant veljarane at partiet har meir enn nok med å vera med i kampen om å bli det største partiet ved valet.

Her er fire halvstore parti: SV og Høgre godt under tjue prosent - Arbeidarpartiet og Framstegspartiet litt over tjue prosent. Det som gjeld no, er ein beinhard kamp om å bli størst rundt om i kommunane for å sikre seg best mogeleg utgangspunkt for avgjerande verknad på styringa.

Sentrumspartia ikkje heilt ute

På målinga, som er teken opp frå 8. til 10. september, har både Senterpartiet og det hardt prøva Kristeleg Folkeparti ein liten framgang. Med høvesvis knapt 7 og knapt 8 prosent er dei ikkje utan sjansar til å vera med i spelet om alliansar i mange kommunar. Det er i det spelet det vesle Senterpartiet har kunna sikre seg over eitt hundre ordførarar i inneverande periode.

Men marginane er små mange stadar, så det skal ikkje store blaff nedover til i det endelege valresulatet før hausten blir svært mager utover hausten. Likevel er det greit å minne seg sjølv om at dei fleste ordførarane ikkje blir valde valnatta, men etter tingingingar i dei nye kommunestyra.

SV-leiar Kristin Halvorsen kan gjera eit svært godt val. (Foto: Knut Falch, Scanpix)

Mange usikre

Det er mykje å kjempe om for parti i innspurten. Mange veljarar er usikre. I dag har nestleiar i Høgre og finansminister Per Kristian Foss sagt at hans parti skal leggje vekt også på å "avsløre andre partis politikk" på tampen av valkampen. Det er eit teikn på nervøsiteten i partihovudkvartera. Flest usikre er der blant veljarane til dei framgangsrike partia, Framstegspartiet og SV. Dessutan er det framleis ein god del utveksling av veljarar mellom Arbeidarpartiet og Framstegspartiet.

På målinga i dag seier over 70 prosent at dei er sikre på at dei vil røyste. Kva det tyder for frammøteprosenten ved valet er usikkert. Den har vore i nedgang gjennom tiår, og enda på 60 prosent ved kommunevalet i 1999. For fylkestingsvalet var frammøtet enno lågare.

Eit anna moment til uvisse er at Framstegspartiet tradisjonelt har fått større oppslutnad ved meiningsmålingar enn ved sjølve valet. Det blir spanande å sjå om den relative stabiliteten partiet har hatt på meiningsmålingane gjer den historien til skamme.

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no