skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

- Regjeringa ikkje Høgre-dominert

Statsminister Kjell Magne Bondevik har oppsummert vårsesjonen i Stortinget med å fortelje at det går bra for regjeringa. Bondevik seier også at han ikkje er sjef for ei
Høgre-dominert regjering. Men det er ikkje heile biletet,
skriv vår kommentator Bjørn Bø.

Publisert 25.06.2002 16:05. Oppdatert 25.06.2002 17:01.
Statsminister Kjell Magne Bondevik haldt pressekonferanse i dag på Sem Gjestegård.(Foto: Scanpix/Tor Richardsen)
Det har fylgjer for Kristeleg Folkeparti å velje å binde seg i regjering med Høgre. Det veit sjølvsagt Kjell Magne Bondevik. Etter opposisjonens herjingar i vår seier han at det går grenser for kva regjeringa kan tole av stortingsregjereri.

Når ein røynd politikar seier slikt i statsministerposisjon, skal ein lye etter. Då er han i trengt posisjon. Det er grunn til å minne om at han får smake sin eigen medisin.

I 1997, til dømes, var Bondevik sjølv med i den opposisjonen som tok trygdeoppgjeret i eigne hender, til sterk plage for den dåverande Jagland-regjeringa.

Då var arbeidarpartiapparatet fornærma på, og ironiserte over, den dumme og uansvarlege opposisjonen, på same måten som noverande regjeringsapparat gjer mot den noverande opposisjonen, særleg i barnehagesaka.

Stortingsregjereri kan vera plagsamt for styringa av landet.
Men det er knapt noko meir heilagt over Bondeviks reaksjon no enn det var over Jaglands då.

Då Bondevik valde å klistre seg til Høgre, med Carl I Hagen som oppmann, var det etter ein langvarig politisk retorikk om at det landsskadelege Arbeidarpartiet måtte ut frå
regjeringskontora.

Difor har han dømt seg sjølv til å stå løpet ei stund til, i ein situasjon og med ein politikk som skaper både tvil og motløyse, skal ein tru vitnemål frå lokale Kristeleg Folkeparti-politikarar.

Slitet i mindretalsregjering er til lite velsigning for Kristeleg Folkeparti, og det tærer hardt på Kjell Magne Bondeviks personlege popularitetskapital.

Bondevik forhandla bort delar av Kristeleg Folkepartis politiske prioriteringar på Sem. I tillegg er det vanskeleg nok å oppfylle lovnadene som blei kompromissa fram på Sem.

Regjeringa har til dømes ope erkjent at lovnadene om forsvarsfinansieringa ikkje er oppfylde - sjølv om akkurat det truleg svir meir i visse Høgre-krinsar enn i statsministerens eige parti.

Skattelettepolitikken er for så vidt i rute. Men gjennomføringa kan gjera det naudsynt med beiske tilstrammingar i budsjettpolitikken - under trugsmål om renteauke, med ein for eksportnæringane plagsamt høg kronekurs, og med opposisjonens inngjerding av den politiske handlefridomen som bakteppe.

Statsministeren skryter av at han styrer godt. Så godt som han etter omstenda kan, vil eg leggje til. Vissa om at opposisjonen ikkje kan samle seg om eit regjeringsalternativ, er ei mager trøyst.

Det blir harde tak til hausten, både internt i regjeringa, og ikkje minst i høve til Framstegspartiet, som sikkert ikkje blir mjukare av statsministerens fornya erklæring om at det aldri blir plass for det partiet i hans regjering.

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no