Statsadvokatens avgjerd om å leggje bort Medhaug-saka som "intet straffbart forhold" har ikkje gjort livet lettare for Kristeleg Folkeparti. Snarare tvert imot. Det som har vore ei ulukkeleg sak framstår i dag som enno meir ulukkeleg for partileiinga.
Kristeleg Folkeparti nytta sine eigne reglar til automatisk å fjerne Jan Birger Medhaug som fylkesordførarkandidat då han blei skulda for valdtekt. Etter røynslene i sumar skal desse reglane opp til full gjennomgang på landsstyremøtet i november.
Men det er ikkje fysst og fremst utestengingsreglane som skaper vanskar for partiet. Grunnen er meir at partileiaren IKKJE overlet alt i sjølve saka til politiet. Ho gav derimot meir eller mindre tydelege føringar om at ho vurderte saka utfrå "ingen røyk utan eld"-tanken. Difor har spørsmåla om rettstryggleik dukka opp.
For partiet har det heller ikkje vore godt at Medhaug og partileiar Svarstad Haugland gjennom sumaren har hatt ein slags indirekte polemikk gåande i det offentlege romet. Den held fram no - Medhaug meiner det er all grunn til ettertanke i partileiinga.
Taparar
No har det ikkje berre vore hets mot Valgerd Svarstad Haugland. Frå fleire hald har ho fått stønad for si handtering av ei sak som i alle fall måtte
vera vanskeleg. Same kva ho gjorde.
Nokon har peika på at det er bra å få lufte ut kunnskapar om hersketeknikkar og trakassering i kristelege miljø.
Og at det er bra at partileiaren har teke stilling for den veike parten - kvinna. Problemet er at no er her inga sak. Og dermed er det urettvist å knyte allmenne drøftingar av kristelege kulturar til dette - altså ei ikkje-sak.
Med eit drag av etterpåklokskap gjev saka eit surrute inntrykk. Og ekstra ille er det for partiet at det surrar vidare. Alle er taparar. Det gjeld fleire einskildpersonar - OG Kristeleg Folkeparti