skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Krigsmotstand styrker SV?

Dagens meiningsmåling som Opinion har gjort for NRK og Aftenposten gjer Framstegspartiet til det klårt største partiet på nytt. Men det tydelegaste draget er SV-framgangen som er så sterk at partiet er mest jamstort med Arbeidarpartiet.

Publisert 14.02.2003 12:42.
Av politisk kommentator Bjørn Bø

Sosialistisk Venstreparti er tufta på utanrikspolitisk og tryggjingspolitisk usemje heilt sidan Sosialistisk Folkeparti blei skipa i 1961 av rebellar frå Arbeidarpartiet.

Fødd opp på utenrikspolitikk

Det er mykje truleg at framgangen no skuldast motstanden mot krig i Irak, og den tydelege markeringa mot USAs politikk. Men partiet har også allment framstått som eit tydeleg opposisjonsparti. Ofte tydelegare enn Arbeidarpartiet som for tida vaklar mellom sin tradisjonelt ansvarlege stil, og saker som framstår med snev av populisme. Og no tek SV på nytt veljarar frå Arbeidarpartiet, i motsetnad til førre månaden, då både SV og Arbeidarpartiet gjekk fram samstundes.

Det er ikkje lett å spå om SV-framgangen kjem til å vare.
Dersom den skuldast krigsmotstand, kan det koma til å hange på utfallet av Irak-krisa. Dersom regimet i Bagdad går i oppløysing mest utan krigshandlingar vil dei som har herja hardast med krigstrugsmål få rett, på eit vis. Men det må minnast om at SV-framgangen no er toppen av ein jamn framgang sidan i fjor haust på Opinions målingar. Så slik sett er det berre styrken i framgangen som er litt ekstra denne gongen.

Senterpartiet

Senterpartiet har markert seg like sterkt mot krigstrugsmåla som SV, men ikkje vunne på det - sjølv om målinga denne gongen plasserer partiet over sperregrensa. Det kan koma av at den nordatlantiske tryggjingspolitikken alltid har vore svært viktig i Senterpartiet. Intense EU-motstandarar som har strøymt til Senterpartiet i kamptider har ofte også hatt sterke kjensler for det friviljuge skyttarvesenet, forsvaret, USA og gjerne FN, for den del. USA-kritikk er ikkje utan vidare ei vinnarsak for Senterpartiet. Særleg ikkje når alternativet kan vera å hengje seg på europeiske stormakter og europeiske tryggjingssystem på vegen mot avgjerder i FN.

Framstegspartiet

Framstegspartiet har lege lågt i Irak-spørsmålet - i alle fall til i går. Men det kan likevel hende at det er krigsteikna som verkar med til å styrke partiet att, etter ein liten nedtur førre månaden. Partiet er frå før kjent for å ha strenge haldningar i militære spørsmål.

I tillegg kan formann Carl I. Hagens 25 årsjubileum ha verka med. Men me skal hugse på at Framstegspartiet i lang, lang tid har lege høgt på meiningsmålingane. Dagens måling kan stutt og greit berre lesast som ei stadfesting av det.
Men det må vera ein tankekross for regjeringspartia og Arbeidarpartiet at veljarane i ei tid med kriser i norsk industri og djuptgåande kriser internasjonalt flokkar seg til dei grader rundt fløypartia SV og Framstegspartiet. Desse partia, som aldri har hatt regjeringsansvar, får til saman ein oppslutnad på 46 prosent på denne målinga.

Regjeringspartia

Regjeringspartia nærmar seg 20 prosent i samla oppslutnad. Det er eit lågmål som understrekar kor sterkt posisjonen i mindretal slit på tilhøvet til veljarane. Dersom me skal leggje deira situasjon også inn i eit internasjonalt perspektiv, vil eg tru dei er livredde for at det blir krig mot Irak utan klarsignal frå FN. Skjer det kan regjeringa koma i så heftige dilemma om kven den skal halde med, at det i seg sjølv forvanskar enno meir arbeidet med å presentere seg posistivt for veljarane her heime.

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no