skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Om Gud og krigen

Dei fleste ser at Gud blir tolka på mange måtar. Både aust og vest for Mesopotamia. Tolkarane har ulike meiningar om kva Gud seier om krigens dævelskap.

Publisert 16.04.2003 10:36. Oppdatert 16.04.2003 10:46.
Av politisk kommentator Bjørn Bø

Som kjent har jødar, muslimar og ulike kristne, frå
jesuittar til mormonarar, om lag den same guden. Denne guden seier til George Bush at han må rydde bort vondskapen i Afghanistan og Irak ved å drepe menneske. Til pastor Torp på Lillestrøm gjev han dessutan "informasjon" om våpenlager i Syria.
Bjørn Bø har gjort sine tankar om gud og krigen.


Til Kjell Magne Bondevik er guden litt meir avventande - og seier at det må nyttast meir tid og la vondskapen bli definert nærare - av FN - før ein byrjar å drepe. I alle fall i Irak.

Dersom ein tek seg tid til å lesa Koranen - det vil eg forresten tilrå - står der mykje om ein nåderik Gud. Vel så mykje nåde der som i det krigerske Gamle testamentet
den kristne kulturen deler med jødane.

I Kjell Magne Bondeviks avgrensingar heiter det at samfunnet
fører sverdet. I det Arne Garborg kalla "Jesus-sogene" - altså evangelia - står det slik: "Gje keisaren det keisarens er, og Gud det som Guds er. Der står det også om å snu det andre kinnet til. Det er litt mildare enn sverdføringa.

I 325 etter Kristus vedtok nokre prestar endeleg at skriftene til den omvende farisearen Saulus, altså Paulus,
skulle vera Guds ord - også hans skrifter om - ja nettopp -
at samfunnet fører sverdet. Paulus fører sverdet og Jesus fører pasifismen.

Det kan finnast gode og aktverdige grunnar til å nytte både
politimakt og militær makt også i humanismens namn. Men når folk drep einannan i hopetal med grunnlag i ulike meldingar frå om lag den same guden, kan ein i det minste bli litt i stuss.

Det framstår som at Kjell Magne Bondeviks Gud seier ja til krig i Afghanistan, men nei til krig i Irak. Guden til George Bush seier ja til krig mot alt som er vondt, slik han ser det. Og er imot fri abort, men for dødsstraff.

Me i den kristne luten av verda står framfor liding, død og
uppstodemysterium i påska. Muslimane har lovnader om eit paradis der vatn renn, som det heiter. Dersom me skal kalle oss siviliserte - og likevel fine gode grunnar til å drepe kvarandre - er gudar tvilsame plattformer.

For dersom Gud skulle bli tolka likt av alle, ville det vera eit mirakel.

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no