skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Frp utfordrar regjeringa

Framstegspartiets økonomiske politikk aukar utfordringane for regjeringa. Krava frå Framstegspartiet om meir pengar til gode føremål kombinert med skattelette tydeleggjer dei politiske motsetnadene, og kan setje Arbeidarpartiet i ein interessant situasjon.

Publisert 13.03.2002 08:40. Oppdatert 13.03.2002 09:54.
Av politisk kommentator Bjørn Bø.

Regjeringa har under møtet sitt om neste års statsbudsjett denne veka gjeve klår melding om at det er stramme rammer for kor mange pengar det er å rutte med. Samstundes varslar forsvarsministeren at det kan bli nedjusteringar, som det heiter, i den forsvarsstrukturen som blei vedteken i fjor, mellom anna for å spare pengar.

Om dette seier Carl I Hagen at det er brot på lovnader han og hans parti fekk før han godtok å innsetje regjeringa, som han formulerer det. Slike formuleringar syner at han ikkje vil gje ved dørene.

Arbeidarpartiet melder no at det gjerne vil gjera forlik med regjeringa om forsvaret. Slik kan det, i alle fall teoretisk, også bli. For i Høgre er ein ikkje lenger like skråsikker på at det var lurt å gjera forsvarssemje med Framstegspartiet i fjor.

Stabilitet

Ei kvar regjering ynskjer breie fleirtal rundt langsiktige saker. Saker som har verknad over fleire år. Omstillinga i forsvaret er ei slik sak. Skattesystemet er ei slik sak.

Og den såkalla handlingsregelen for kor mykje av overskotet frå oljeformuen ein kan ta ut, er ei slik sak. Den regelen er Framstegspartiet rivende usamd i og kallar det ein regel for handlingslamming.

Fødeselshjelpar Hagen og regjeringa er rett og slett usamde om handteringa av rikdomens problem. Framstegspartiet har laga seg heilt andre vilkår for den økonomiske politikken, enn det dei andre driv med, ja det er på ein annan klode.

Desse motsetnadene kan bli sette på spissen alt i forsvarssaka i vår, og ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett. Men dei kjem i alle fall til hausten - under handteringa av statsbudsjettet for neste år.

Det er lite truleg at KJell Magne Bondevik ein gong til steller seg slik at han må stille kabinettspørsmål for
å tvinge Framstegspartiet på plass.

Regjeringa har berre eit lausaktig tilhøve til Framstegspartiet. Og slik retorikken er for tida, kan det bli for tungt å gjera budsjettavtale med FRP.

Sentrumsregjering?

Alt dette er førebels sjølvsagt berre teori. Men, dei økonomiske reglane regjeringa arbeider etter, og som er så annleis enn Framstegspartiets,
kan tvinge den på friarferd til Arbeidarpartiet for å lage budsjett.

Med vår nære historie i minne, blir det i tilfelle ein pussig situasjon. Det er kanskje ikkje Bondevik imot å drive slik slingrepolitikk.

Men det kjem til å gje inntrykk av at hans regjering er ei sentrumsregjering som meir er ute etter å regjere enn etter å profilere politikken. Dersom då Arbeidarpartiet i sin ynkelege situasjon skulle velje å vera med på den slags politisk suppekoking.

Det er langt fram, men det uryddige politiske romet for økonomisk politikk gjev regjeringspartia meir hovudbry enn det ein harry landbruksminister lagar.

(NRK)

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no