skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Politikk - ikkje berre amatørskap

Det er nok ikkje berre amatørskap i høve til aksjelova som gjer at kulturministeren set til side eit vedtak i NRK-styret før blekket er tørt, meiner politisk kommentator Bjørn Bø.

Publisert 27.08.2002 12:30. Oppdatert 31.08.2002 21:17.
Av politisk medarbeidar Bjørn Bø

Dette er politikk - og det er utslag av den posisjonen NRKs distriktsorganisasjon har fått som eit slags motkulturelt symbol.

Og det er politiske ryggmargsrefleksar som kjem til syne både hjå Valgerd Svarstad Haugland og andre politikarar når dei ser teikn til endringar i sitt allmennkringkastingsbyggverk.

I ei heilt ny medieverd har politiske styremakter gjort NRK til eit aksjeselskap. Meininga var frigjering frå politisk detaljstyring. Men ikkje alle politikarar ville det heilt.

Difor måtte det koma ein konfrontasjon, sjølv om kulturministeren kallar det dialog. I denne situasjonen får kulturministeren sjølvsagt kritikk for å tråve ureint. Ho gjer livet vanskeleg både for NRK-styret og for krinkastingssjefen. Ho syner at NRKs friare liv under aksjelova har avgrensingar. Og framferda kan verke plump i det Høgre-partiet ho regjerer saman med.

Men som partileiar får ho eit høve til å rette litt opp på eit distriktspolitisk ry som er heller tvilsamt for tida.

Og om saka skulle havne i Stortinget, vil ikkje eg spå no om kva som skjer. Der er det mange kryssande interesser, og der blir i alle fall det økonomiske grunnlaget for NRK - lisensen - fastsett.

Allmennkringkastinga er eit politisk produkt, same kor mykje kringkastingssjefen føreles om aksjelova.

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no