Verftsgruppa Kleven på Sunnmøre tek omfattande økonomiske grep i den tøffe situasjonen i maritim næring med oljekrisa. Nyleg inngjekk verfta ein avtale med dei tilsette om redusert lønn i ein periode, noko som sikrar konsernet ein økonomisk buffer på 24 millionar kroner.