På indre Nordmøre vil dei ha fortgang i ferjefri kryssing av Todalsfjorden. I dag vart fylkes- og stortingspolitikarar tekne med på fjordcruise for å sikre seg at ingen gløymer prosjektet. Og aller helst vil dei ha prosjektet framfor Nordøyvegen i køen.