Hopp til innhold

Russisk frivillig: – Eg fylgde hjartet mitt

Donetsk (NRK): - Eg er frivillig. Eg kom hit fordi eg ynskte det av heile hjartet mitt, seier russaren Eduard, som NRK møtte blant separatistane som kjempar mot ukrainske regjeringsstyrkar i Donetsk-regionen i Ukraina.

Intervju med russisk frivillig og opprørssjef

VIDEO: Møt Eduard, russisk frivillig i Donetsk.

Det rasar harde kampar fleire stader i grenseområdet mellom Ukraina og Russland. Det er ingen tvil om at russiske statsborgarar kjempar som frivillige saman med separatistane, men dei vi snakkar med avviser at regulære russiske styrkar er med i kamphandlingane.

Separatistar på offensiven

Dei prorussiske separatistane er på offensiven. Sist veke jaga opprørarane dei ukrainske styrkane ut av flyplassen i Donetsk. Regjeringsstyrkane har i fleire månader hatt kontroll over flyplassen, som ligg inne i eit opprørskontrollert område.

Vi møtte den russiske frivillige Eduard, han vil ikkje seie etternamnet sitt, litt i utkanten av Donetsk, og han var ikkje redd for å fortelje kvifor han var komen til Ukraina for å kjempe.

– Eg kom hit frivillig, fordi det var det eg ynskte av heile hjartet mitt. Eg kom ikkje hit på grunn av pengane, seier Eduard til NRK. Han fortel at bestemødrer i området han kjem frå i Russland sender pakkar til han, slik at han kan hjelpe menneske i dei opprørskontrollerte områda.

NRK møtte russiske militærkolonner nær grensen til Ukraina

Ukraina: – Opprørerne vil betale en høy pris for angrepene

– Ikkje regulære styrkar

Eduard Basurin er nestkommanderande for dei væpna styrkane i Folkerepublikken Donetsk, altså republikken separatistane har oppretta, og som kontrollerer store delar av Donetsk fylke i Ukraina. Han avviser at regulære russiske styrkar kjempar på opprørarane si side.

– Nei, det er ikkje regulære russiske styrkar. Det er menneske som representerer Russland og som på eige initiativ og eige ynskje kjem hit for å hjelpe oss. Og det handlar ikkje berre om våpenhjelp. Nokre kjem for å arbeide på sjukehus, medan andre stiller opp med humanitær hjelp, seier Basurin til NRK.

Kampane om flyplassen i Donetsk frå midten av denne månaden var svært harde. På videoinnslaget over ser ein tydeleg at det på armen til ein av soldatane er merket til det russiske marineinfanteriet. Soldaten har seinare stått fram som Konstantin Horelov frå Sakhalin heilt aust i Russland.

Frykten råder i Donetsk: – Vi må finne en vei ut av dette nå

Millionbyen Donetsk har blitt en spøkelsesby

SISTE NYTT

Siste nytt

Flere videoer i sosiale medier viser samme hendelse, som alle samsvarer med beskrivelsen av hendelsen, våpenet og området det skjedde. Videoen er verifisert av bl.a. BBC.

Britisk politi: Ein død etter angrep med stikkvåpen i London

Ein 14 år gammal gut døydde etter sverdangrepet i London. Det opplyser britisk politi.

Disse videoen fra Twitter skal vise stormingen av Hamilton Hall

Gaza-demonstrasjon i USA: Har barrikadert universitetsbygg på Columbia

New York-universiteta Cornell og Columbia har byrja å straffe studentane sine for teltleirane ved campus. På det siste svarte studentane med barrikadar.