Hopp til innhold

Minst ti drepne av terrorbomber i Nairobi

Minst ti menneske er drepne og over 70 såra etter eit dobbelt bombeangrep på ein travel marknadsplass i den kenyanske hovudstaden Nairobi i ettermiddag.

Minst ti drepne i bombeangrep i Nairobi.

Dei to bombeangrepa ramma ein minibuss og ein marknadsplass i Nairobi. Minst ti menneske er drepne.

Foto: THOMAS MUKOYA / Reuters

Den første bomba gjekk av inne i ein 14-setars minibuss, ein såkalla matau, medan den andre ramma marknadsplassen Gikomba aust for forretningsdistriktet i byen. Minibussen vart ramma like utanfor marknadsplassen.

Politimann ved ein utbomba minibuss i Nairobi.

Politimann ved den utbomba minibussen i Nairobi.

Foto: THOMAS MUKOYA / Reuters

Politiet opplyser at heimelaga bomber vart kasta mot måla, og at to mistenkte er arresteret. Ein talsmann fortel at dei to bombeangrepa skjedde samstundes. Han ber også om at folk i byen ikkje får panikk, og understrekar at politiet har situasjonen under kontroll.

Mangel på blod

Ein talsmann for Kenyatta-sjukehuset i Nairobi, Simon Ithae, opplyser at dei hittil har teke mot åtte døde menneske, medan over 70 er registrert som såra. Situasjonen er kritisk for fleire av dei såra, seier han.

Talsmannen seier også at sjukehuset er i ferd med å gå tom for blod, og at dei kjem til å trenge mykje blod.

– Mange av dei såra har kraftige blødingar. Vi treng meir blod, seier Simon Ithae ved Kenyatta-sjukehuset til AFP.

Britiske Sky News melder at det er minst 13 drepne i angrepet.

LES OGSÅ: Flere drept i to eksplosjoner i Kenya

LES OGSÅ: – Vi vet at unge norsksomaliere rekrutteres til å krige for Al-Shabaab

Eksplosjon Nairobi

VIDEO: Store øydeleggingar etter bombeangrepa.

Evakuerer turistar

Angrepa i dag kjem etter fleire angrep og forsøk på angrep både i Nairobi og i kyst- og turistbyen Mombasa. Fleire land, blant andre Storbritannia, har åtvara sine statsborgarar mot å reise til Kenya. Det vart også bestemt at britiske turistar i Mombasa og området rundt skulle sendast heim.

Då meldingane om bombeangrepa i Nairobi kom, stod fleire titals britiske turistar i kø på flyplassen i Mombasa for å reise heim.

Også norske styresmakter har åtvara norske statsborgarar mot å reise til Kenya på grunn av terrortrusselen. Det same har USA, Frankrike og Australia gjort.

Kenyanske styresmakter har reagert sterkt på dette, og har gjort det klart at utanlandske turistar i landet er trygge. Turisme er ei viktig inntektskjelde for Kenya, men i fjor gjekk turistinntektene ned med 11 prosent. Frykt for terror er truleg ei viktig årsak.

Britiske turistar blir evakuerte frå Mombasa.

Britiske turistar blir evakuerte frå Kenya i frykt for terroraksjonar.

Foto: STR / Ap

Mistenkjer Al Shabab

Ingen har teke på seg ansvaret for bombeangrepa i Nairobi i dag, men mistanken rettar seg først og fremst mot den somaliske islamistgruppa Al Shabab. Terrorgruppa har stått bak fleire angrep i Kenya tidlegare, blant anna angrepet mot kjøpesenteret Westgate i Nairobi.

I dette angrepet, som varte i fleire døgn, vart minst 67 menneske drepne. Det har vore spekulasjonar om at ein norsk-somalisk mann kan ha leidd angrepet mot kjøpesenteret.

LES OGSÅ: PST-etterforskere tilbake fra Kenya

Kenyas president om terrorangrepet

VIDEO: Kenyas president Uhuru Kenyatta om bombeangrepa i Nairobi.

SISTE NYTT

Siste nytt