Hopp til innhold

Liket av Ceausescu identifisert

Det er no stadfesta at det var liket av den avretta diktatoren Nicolae Ceausescu som låg i ei grav på den militære gravlunden i Bucuresti, som vart opna i sommar.

Nicolae Ceausescu vart avretta første juledag 1989.

Nicolae Ceausescu vart avretta første juledag 1989.

Foto: ROMPRES / Afp

Grava til Nicolae Ceausescu vart graven opp sommaren 2010.

Det er no slått fast at det var Nicoale Ceausescu som var gravlagd i denne grava på ein gravlund i Bucuresti.

Foto: Ap

Det er direktøren for rettsmedisinsk institutt i Romania, Dan Dermengiu, som opplyser dette til nyheitsbyrået Mediafax. Han kunne slå fast dette etter å ha samanlikna DNA frå liket med DNA frå familiemedlemer.

Det var borna til Ceausescu som kravde at grava skulle opnast, fordi dei ikkje trudde at det var foreldra som låg der.

LES OGSÅ: Ceausescu-gravene åpnes

Summarisk rettssak

Nicolae Ceausescu vart avretta første juledag 1989 etter eit folkeleg opprør i landet. Diktatoren prøvde å stanse oppstanden med maktbruk, men 22. desember måtte han flykte frå presidentpalasset.

Han vart arrestert seinare same dagen. Gruppa som hadde teke makta i landet, ei blanding av opposisjonelle kommunistar og regimekritikarar i militæret, arrangerte ei summarisk «rettssak», som enda med dødsdom for Nicolae Ceausescu og kona Elena.

Ho hadde då rykt opp som nummer to i makthiearkiet i regimet, og også fleire andre familiemedlemer hadde gått sentrale verv i det regjerande kommunistpartiet og i maktapparatet.

Ekteparet vart avretta same dagen.

LES OGSÅ: Fant litterær sensasjon i arkivet til det hemmelige politiet

LES OGSÅ: – Clita er berømt i Romania for å ha drept rumenernes store helt

President Ceausescu og Elena Ceausescu på offisielt besøk i Norge - 1980

Ekteparet Ceausescu var også på statsbesøk i Noreg. Her saman med kong Olav i 1980.

Foto: Thorberg, Erik / Scanpix

Stormannsgalskap

Presidentparet var forhatt, mykje på grunn av stort personleg forbruk, stormannsgalskap og beinhard undertrykking ved hjelp av tryggingspolitiet Securitate.

Reformpolitikken til Mikahil Gorbatsjov i Sovjetunionen og indre problem i fleire andre kommunistland som gjorde at fleire regime fall, førde også til slutt til at Ceausescus korthus fall saman.

Ceausescu var øvste leiar frå 1965 til 1989.

Ei historie som kan illustrere Nicolae Ceausescu var då han var på statsbesøk i Noreg I 1980-talet. Då budde han i ein gjestebustad på Slottet, og han klaga over bråket frå trafikken på Drammensvegen.

Han bad dåverande kong Olav om å stengje Drammensvegen slik at han kunne få nattero.

Ekteparet Nicolae og Elena Ceausescu i sine velmaktsdagar.

Ekteparet Nicolae og Elena Ceausescu fotograferte meddan dei enno var i sine velmaktsdagar.

Foto: STR / Reuters

LES OGSÅ: Rumensk skittentøyvask

LES OGSÅ: Et statsbesøk til ettertanke

SISTE NYTT

Siste nytt