Hopp til innhold

Franske soldatar gir håp i Bangui

Franske soldatar styrkar nærværet sitt i Den sentralafrikanske republikk etter at fleire hundre menneske er drepne i etnisk og religiøs uro i landet dei siste dagane.

Franske soldatar i Bangui.

Franske soldatar har teke oppstilling inne i hovudstaden Bangui for å hindre ytterlegare valdsbruk.

Foto: EBU

Frankrike har sendt 1200 soldatar til landet frå basar i nabolandet Kamerun for å prøve å gjenopprette lov og orden. Dei siste dagane har kristne og muslimske militsgrupper gått laus på kvarandre i hovudstaden Bangui. Valdsbruken har vore svært bestialsk.

Til saman skal Frankrike sende 1600 soldatar til Den sentralafrikanske republikk.

Uro i Den sentralafrikanske republikk.

Helsearbeidarar har funne eit nytt lik etter massedrapa i Bangui.

Foto: STRINGER / Reuters

Det er registrert 300 drepne i Bangui, men det er frykt for at talet vil stige etter kvart som det blir funne fleire like rundt om i byen. Det har også vore samanstøytar i byen Bossangoa, rundt 300 kilometer nord for hovudstaden. Det blir meldt at rundt 30 menneske er drepne her.

Møtte med jubel

Likhuset i Bangui er alt overfylt, og det har vore naudsynt å lagre lik på utsida for å få plass til alle dei døde. Fortvilte pårørande har samla seg på området for å finne ut om deira kjære er blant dei døde, og det har spelt seg ut hjarteskjerande scener.

Dei franske soldatane vart møtte med jubel då dei tok seg inn i Bangui fredag og laurdag. 800 soldatar er alt på plass, medan dei resterande 400 skal vere på plass i løpet av søndag, opplyser det franske forsvarsdepartementet.

Mange stod langs vegen og ropte «tusen takk» til dei franske soldatane, som dei håpar skal greie å stanse drapa.

LES OGSÅ: Tusen franskmenn skal avverge folkemord

LES OGSÅ: Minst 100 mennesker funnet drept i Bangui

Uro etter kupp

Motsetningane i Den sentralafrikanske republikk har auka på etter at muslimske opprørarar tok makta i eit kupp tidlegare i går. Det er stor frykt for at den brutale konflikten skal utvikle seg til eit folkemord.

Valdsbruk i Den sentralafrikanske republikk.

Kvinner leiter etter slektningar blant dei drepne på likhuset i Bangui.

Foto: STRINGER / Reuters

Den hardt pressa interimsregjeringa i republikken har gitt ordre om at alle væpna grupper skal bort frå gatene i Bangui, og at berre presidentgarden og utanlandske fredsstyrkar skal ha lov å bere våpen.

Dei verste kamphandlingane mellom kristne og muslimske grupper i Bangui er over, men det blir framleis meldt om drap på sivile.

Amy Martin er sjef for FN sitt humanitære program i Bangui. Ho åtvarar dei franske soldatane mot å berre patruljere hovudgatene. Dei må kome seg ut i nabolaga der folk bur, der held valdsbruken fram, seier ho.

Valdsbølgje i Den sentralafrikanske republikk.

Ei gruppe kristne har søkt tilflukt i og utanfor ei kyrkje i sentrum av Bangui.

Foto: STRINGER / Reuters

– Sanselause drap

– Dersom dei kjem seg ut i bustadområda, så er det håp. No patruljerer dei hovudgatene, og det hindrar plyndring. Men dei sanselause drapa, og det er snakk om ein ubeskriveleg valdsbruk, held fram, seier Amy Martin til nyheitsbyrået Reuters.

Pastor Antoine Mbao Bogo, leiar Røde Kors i Bangui, seier at angrepa har halde fram i delar av Bangui også laurdag. Han fryktar at det vil ta tid før dei utanlandske soldatane greier å få kontroll over situasjonen.

Rundt 10.000 menneske frå Bangui har flykta til flyplassen i byen, der dei franske soldatane har basen sin. Fleire tusen andre har søkt tilflukt i kyrkjer i byen på grunn av valdsbruken.

SISTE NYTT

Siste nytt