Hopp til innhold

Dette meiner ekspertane må til for å sigre over fattigdommen dei neste 15 åra

Om litt over eit år skal status gjerast opp for dei åtte hårete måla FN sette seg i 2000. Samstundes startar forhandlingane om åtte nye mål i New York i dag. Her er kva deler av bistandsbransjen meiner bør bli verdas nye mål.

Jan Egeland, Liv Tørres og Ingrid Aas Borge

Jan Egeland, Liv Tørres (i midten) og Ingrid Aas Borge er alle opptekne av å avgrense verdas fattigdom og har tre forslag til kva som bør verdas neste tusenårsmål.

Foto: AFP/NRK/Karoline Arnesen

Eit av hovudtema i løpet av FN-toppmøtet som finn stad i New York denne veka er FN sine tusenårsmål. Dei åtte måla som vart vedtekne i 2000 skulle bane veg for dei neste 15 åra. Saman skulle verda jobbe mot å oppnå dei åtte måla.

Til høgre kan du lese om korleis status til dei ulike måla er i dag, men NRK har også utfordra to erfarne bistandsrøyster, og ei litt yngre, til å kome med forslag til kva som bør bli FN sine nye arbeidsmål når generasjon to av tusenårsmåla skal vedtas til neste år.

– Fattigdomsmålet er ikkje nådd

Jan Egeland kjenner godt til tusenårsmåla frå si tid som ein del av leiargruppa rundt Ban Ki-Moon i FN.

– Tusenårsmåla har vel vore omtrent dei mest vellukke utviklingsmåla som er formulert noko sinne. Rett og slett fordi dei var få, lettfattelege og fordi dei allereie var vedtekne gjennom store FN-konferansar, seier den ferske generalsekretæren i Flyktninghjelpen.

Han meiner måla har bidratt til meir merksemd rundt fleire av tema som måla handlar om.

– Til dømes vart det å få jenter til å gå på skule ein svær sak i mange land, og dermed klarte ein å nå måla på stadig fleire område, seier Egeland, som trur det kan vere vanskeleg å få den same merksemda rundt den nye generasjonen tusenårsmål, fordi nyheitsverdien ikkje er den same som førre gong.

Egeland har klare tanker om kva mål han ville tatt med om det var han som bestemte dei nye tusenårsmåla.

Klimamålet er den største utfordringa for den kommande generasjonen

Jan Egeland, generalsekretær Flyktninghjelpen

– Me må ta med dei måla som ikkje er nådd. Målet om å få bort den mest uverdige fattigdommen er til dømes ikkje nådd. I tillegg må ein få med seg klimautfordringa. Det er den største utfordringa for menneskja i neste generasjon, og det rammer dei fattigaste og mest sårbare gruppene hardast.

Egeland legg til at ikkje berre bistand er nok, og at også menneskerettar og godt styresett må bli ein del av dei nye tusenårsmåla.

SUDAN-DARFUR-WATER

Denne sudanesiske kvinna i Nord-Darfur er ei av dei som har fått tilgang på reint vatn. No har meir enn 90 prosent av verdas folk tilgang på reint vatn.

Foto: ALBERT GONZALEZ FARRAN / Afp

– Folkestyre og demokrati er grunnleggjande

Liv Tørres er generalsekretær i Norsk Folkehjelp og meiner demokrati og folkeleg deltaking er grunnleggjande for utviklinga. Difor bør også det vere eit av dei nye tusenårsmåla, meiner ho.

– Mange andre meiner det er viktig å fokusere på helse, utdanning og andre spesifikke tema, men me meiner dette er prioriteringar som må gjerast i dei landa det gjeld, og då er demokrati og deltaking frå folket viktigast å fokusere på, meiner Tørres.

Ho meiner Noreg nærast er programforplikta til å ha fokus på demokrati og folkeleg deltaking i sin utanrikspolitikk, også med ny regjering.

– Me er rimeleg stolte over at me har klart å bygge sterke institusjonar for fordeling og problemløysing, og då er det viktig at me tek med oss det ut, uansett regjering, og set fokus på det som er viktig, meiner Tørres.

Det er godt styresett som er mrest avgjerande for utvikling og fordeling.

Liv Tørres, Norsk Folkehjelp

Ho åtvarar den nye regjeringa mot å berre sjå på jobbskaping og gründerverksemd i den framtidige bistandspolitikken. Å få bort ulikskapen er like viktig som å få bort fattigdommen, meiner Tørres.

– Om ein tek eit halvt skritt tilbake så har dagens tusenårsmål oppnådd noko på enkelte område, men parallelt med dette har ulikskapen auka. Og det er også bakteppet for den sosiale uroa me har sett mange stader i verda. Ulikskap må forstås på bakgrunn av manglande og svake demokrati.

– Må slutte med plasterpolitikk

Ingrid Aas Borge er leiar i Kirkens Nødhjelp sin ungdomsorganisasjon, Changemaker, og ho meiner tusenårsmåla bommar på dei eigentlege årsakene til fattigdom.

Pakistan Burka Avenger

Å vere skulejente i Pakistan er ikkje konfliktfritt, og sjølv om tusenårsmåla fokuserer på å få fleire jenter på skulen, er det framleis ei overvekt av gutar.

Foto: Muhammed Muheisen / Ap

– Det har i altfor stor grad vore ein plasterpolitikk, i staden for å adressere årsaka til fattigdom. Tusenårsmåla som er no er veldig bistandsorientert, mens nye tusenårsmål er nøydde til å finne løysingar på dei strukturane som skaper fattigdom, meiner Borge.

At dei noverande måla har hatt mykje å seie for at færre har blitt fattige, fleire har fått ta utdanning og at færre kvinner døyr under svangerskapet er ikkje Borge i tvil om, men ho ser gjerne at den neste generasjonen tusenårsmål tek føre seg andre tema enn det dei gamle har gjort.

Nye tusenårsmål er nøydde til å finne løysingar på dei strukturane som skaper fattigdom

Ingrid Aas Borge, Changemaker

– Ein kan seie så mykje ein vil om å støtte helsevesen og skule i fattige land, men om fattige land held fram med å tape 5.000 milliardar kroner i kapitalflukt årleg, som er ti gonger meir enn dei tek imot i bistand, så må ein jo berre halde fram med å plastre, seier Borge.

Ho foreslår at eit av dei nye punkta handlar om kampen for økonomisk rettferd, og at også klima vert fokus i eit anna mål.

– Om ikkje dei nye bærekraftmåla seier noko om korleis me skal møte klimautfordringane så vert det heilt katastrofalt, meiner Borge.

Fra Urix 13.09.2010.

Sjå innslag om tusenårsmåla frå Urix 13. september 2010

SISTE NYTT

Siste nytt