Hopp til innhold

Familiar kasta ut før kongebesøk i Myanmar

MANDALAY (NRK): Folk og hus skal vere rydda vekk frå elvebreidda for å gjere det fint til det norske kongeparet kjem til Mandalay i morgon, skriv avisa Irrawaddy.

En rekke familier har blitt TVANGSflyttet fra området der båten til kongeparet skal legge til kai i Mandalay i Myanmar i morgen. Kongeparet er på et fem dager langt statsbesøk i Myanmar. Men samtidig som kongen og dronningen er på en luksuriøs båttur opp Irrawaddy-elven skriver avisen Irrawaddy at familier flyttes for at det skal fint når det norske kongeparet kommer. Kommunikasjonssjefen ved Slottet sier dette er leit og at det ikke er noe kongeparet ønsker.

Styremaktene pyntar på verkelegheita for dei kongelege gjestene som reiser med elvebåt oppover mot Mandalay.

Medan kong Harald og dronning Sonja nyt ei langsamt og luksuriøs båtferd opp Irrawaddy-elva, skal ei rekkje familiar ha blitt tvangsflytta frå området der båten skal legge til når dei kjem til Mandalay i morgon.

Avisa med same namn som floden dei reiser på, skriv at lokale styremakter har beordra landlause som bur og arbeider ved elvebreidda til å øydeleggje heimane sine og forlate området før den kongelege innkomsten.

Bulldosarar skal ha blitt tekne i bruk for å få vekk husa. No står det, ifølgje avisa Irrawaddy, potteplantar der familiane budde.

Fleire eldre har blitt sjuke etter å ha sovet ute på stranda, skriv avisa Eleven som har snakka med fleire av familiane som har mista heimen sin.

– Hytta vår blei knust av ein bulldosar. Nå søv vi i sanden. Det er slitsamt fordi vinteren kjem, seier San Myint, ei 59 år gammal kvinne til Eleven.

– Det er leit

Ifølgje Irrawaddy stadfester lokale styremaktene utkastingane. Thet Naing Tun, sekretær for Mandalay City Development Committee (MCDC), seier familiane fekk beskjed om å flytte i november. Han han ikkje talfeste kor mange hus eller menneske det gjeld.

– Det er leit. Dette er noko kongeparet verken ønskjer eller har bedt om. Tvert imot, dei ønskjer å sjå Myanmar slik det er, seier Marianne Hagen, kommunikasjonssjef ved slottet.

Kongeparet er på eit 5 dagar langt statsbesøk i Myanmar. Etter tre dagar med representasjon har dei teke ei pause. I går ettermiddag gjekk dei om bord i elvebåt i Bagan for å reise sakte oppover mot Mandalay.

– Eg gleder meg til båtturen. Det er da vi får inntrykk av korleis dette landet verkeleg er, sa kong Harald måndag. No viser det seg altså at styremaktene pyntar på verkelegheita for gjestene.

(Artikkelen fortsetter etter bildet)

Tvangflyttet før kongelig besøk

Det er lite igjen som vitner om at det var et stort slumboligområde her ved Gaw Wein-havnen langs elvebredden.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

–Skamfulle over fattigdom

Bistandsaktuelt skriv at organisasjonen Chan Mya Thukha fordømer utkastingane.

– Regjeringa er framleis glad i å dekke over handlingane sine. Dei er for skamfulle til å la utlendingar sjå fattigdommen i Myanmar, seier Hla Aung, leder i Chan Mya Thukha.

– Eg fordømmer aksjonen der dei har tvangsflytta folk og øydelagt heimane deira på grunn av besøk frå den norske kongen, seier Hla Aung til Irrawaddy.

Audun Aagre leiar i den norske Burmakomité, som er i Myanmar, seier til Bistandsaktuelt at han ikkje er forbauset over nyheita om tvangsflytting.

– Tvangsflytting og landkonfiskering er ikkje ukjent i Burma. Myndigheitene er oppteken av å vise det internasjonle samfunnet eit bilde, som står i kontrast til situasjonen for lokalbefolkninga, seier Aagre til NRK.

– Dette skjer også på politisk nivå, noe som er viktig å ta inn over seg. Det er positivt at pressen avdekkjer det når veikartet ikke stemmer med terrenget, seier Aagre.

Kongeparet kjem til Mandalay fredag. Der får dei omvising i den historiske delen av byen før statsbesøket blir avslutta. Kongeparet reiser heim til Norge fredag kveld.