Hopp til innhold

Al Qaida-gruppering jaga ut av barnesjukehus etter blodige kampar

Rivaliserande islamistgrupper har greidd å jage Al Qaida-grupperinga ISIL ut av hovudkvarteret deira i byen Aleppo nord i Syria.

Harde kampar mellom opprørarar i Aleppo.

Fasaden på barnesjukehuset, som har vore hovudkvarteret til ISIL, ber preg av harde kampar.

Foto: STRINGER / Reuters

Dette blir stadfesta av opposisjonsgruppa The Syrian Observatory for Human Rights (SOHR), som har base i Storbritannia. Gruppa seier det er uklart kva som har skjedd med SIL (Islamsk stat i Irak og Levanten)-opprørarane som oppheldt seg i hovudkvarteret.

ISIL, som også er aktive i Irak og Libanon, hadde hovudkvarteret sitt i eit barnesjukehus i byen. Det skal ha vore fleire hundre av deira krigarar inne i sjukehuset, men det er altså uklart om dei har greidd å flykte.

Kan ha avretta fangar

Demonstrasjon mot ISIL i Aleppo.

Soldatar frå Den frie syriske hær og sivile demonstrerte mot ISIL i Aleppo i går.

Foto: STRINGER / Reuters

ISIL skal ha halde fleire titals fangar i barnesjukehuset, og ifølgje ein del meldingar frå Aleppo skal desse vere sette fri. Andre opplysningar tyder på at ISIL har avretta fangar før dei trekte seg ut av hovudkvarteret.

Det har dei siste dagane vore harde kampar mellom ISIL og andre opprørsgrupper i Aleppo. Så seint som i går kveld sa ein talsmann for ISIL at dei ville knuse rivalane sine og knekkje konspirasjonen mot dei i fødselen.

Denne åtvaringa kom berre få timar etter at leiaren for ei anna gruppe som skal ha band til Al Qaida, Nusra-fronten, bad om våpenkvile, melder BBC.

Denne gruppa skil seg frå ISIL ved at dei først og fremst har fokusert på å styrte det sitjande regimet i Syria, medan ISIL har som hovudmål å opprette ein islamsk stat med sharialover i fleire land i området.

LES OGSÅ: Ny opprørsgruppe erklærer krig mot ekstremister i Syria

LES OGSÅ: ISIL sier bortførte hjelpearbeidere er spioner

– Drep utan nåde

Nusra-fronten har også samarbeidd med dei andre opprørsgruppene som er samla i paraplyorganisasjonen Den frie syriske hær. Den frie syriske hær har stilt seg i spissen for eit militært oppgjer med ISIL.

Det var talsmannen for ISIL, Abu Mohammed al-Adnani, som i eit lydopptak oppmoda ISIL-krigarane om å drepe alle leiarar i Den frie syriske hær eller grupper som på nokon måte er knytte til dei.

– Drep dei over alt der de kan finne dei, utan nåde. Det var dei som starta krigen mot oss, derfor er alle medlemer i denne grupperinga legitime mål same kvar dei er, sa han blant anna.

Det er ikkje mogleg å 100 prosent verifisere om det verkeleg var Adnani som snakka på opptaket, men det vart sendt og spreidd på fleire islamistiske nettsider og sosiale nettverk.

Kampar mellom opprørarar i Aleppo.

Ein soldat frå Den frie syriske hæren inne på sjukehusområdet der ISIL har hatt hovudkvarteret sitt.

Foto: STRINGER / Reuters

LES OGSÅ: Al-Qaida-gruppe blomstrer i Midtøstens kaos

LES OGSÅ: Ber folk i Fallujah reise seg mot al-Qaida

Mange utlendingar

Minst 270 menneske, blant dei 46 sivile, er drepne i denne borgarkrigen i borgarkrigen, dei interne kampane mellom ulike opprørsfraksjonar.

Fleire syriske opprørsgrupper har slått seg saman for å ta knekken på den Al Qaida-tilknytte gruppa ISIL. Mange av krigarane i ISIL er utlendingar, og brutaliteten dei viser har skapt raseri i andre fraksjonar.

Gruppa har blant anna bortført ein ung syrisk lege, for seinare å ha torturert og til slutt teke livet av han.

LES OGSÅ: Frakter ut kjemiske våpen fra Syria

LES OGSÅ: – 34 utenlandske jihadister henrettet av andre opprørere i Syria

LES OGSÅ: Syrisk opposisjon utsetter beslutning om Genève

LES OGSÅ: – Svenske journalister frigitt i Libanon

SISTE NYTT

Siste nytt