Hareide usikker på framtida i RBK
RBK-trenar Åge Hareide varslar ein ny prat med styreleiar Ivar Koteng om framtida hans i klubben. Koteng har tidlegare sagt at dei har full tillit til Hareide, trass i trenaren si ytring om pride-markeringar i fotballen. Etter gårsdagens tap mot Lillestrøm seier Hareide til Adresseavisen at klubben må jobbe seg ut av ei krise, og at han sjølv ikkje klamrar seg fast til trenarstolen.