Hopp til innhold

500 mottaksplassar manglar i nord: – Ein tøff situasjon, seier UDI

UDI slit med å finne mottaksplassar nok til alle asylsøkjarar som kjem til Norge. For korte anbodsfristar, svarer den største driftsoperatøren.

Flyktninger i Kirkenes

Fleire hundre flyktningar har kome til Norge via grensestasjonen på Storskog i Finnmark dei siste vekene.

Foto: Tarjei Abelsen/NRK

I september lyste UDI Region Nord ut 1500 nye mottaksplassar, men da fristen gjekk ut, hadde det berre kome inn tilbod om tusen plassar.

Samtidig hopar det seg opp med asylsøkjarar, som har kome over grensa frå Russland til Sør-Varanger i Finnmark.

Regiondirektør Bjørn Fridfeldt har aldri opplevd ein liknande situasjon i sine år i UDI.

– Vi hadde jo den situasjonen da vi evakuerte kosovoalbanske flyktningar som hadde flykta frå Makedonia, men da hadde vi kontroll, for det var vi som fylte opp flya i Skopje og det var vi som tok imot dei. Vi visste kva som kom, seier Fridfeldt.

Bjørn Fridfeldt

Bjørn Fridfeldt i UDI seier dei manglar 500 mottaksplassar.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Dagens flyktningsituasjon er ein annan, meiner han:

– No er det slik at vi ikkje veit frå den eine dagen til den andre kor mange som kjem. Det er ein tøff situasjon.

Treigt

Straumen av flyktningar som kjem til Europa har eksplodert dei siste månadane. Derfor blir det eit problem når anbodskonkurransane ikkje gjer den utteljinga UDI håpar på.

Etter den siste anbodskonkurransen, manglar dei 500 mottaksplassar.

– Marknaden er treig akkurat no, og kva det kjem av, det tør eg rett og slett ikkje å seie. Vi må sjå om vi klarer å vekke marknaden til live. Det har brukt å gå seg til i vår region.

Kort frist

Tor Brekke er leiar i Hero, som er den største driftsoperatøren i dag. Brekke trur mangelen på plassar kan handle om tidsfristar:

– Eg trur den viktigaste årsaka til at det ikkje har kome fleire plassar i denne anbodsrunden, er kort innleveringsfrist. Det er mykje eigedom tilgjengeleg, så det er nok berre treigt.

Tor Brekke

Tor Brekke i Hero, trur mangelen på mottaksplassar handlar om korte tidsfristar på anbodskonkurransane.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Brekke trur det også kan skuldast at folk har høyrt dårlege ting om mottak:

– Ofte handlar det om at folk er uroa. Ein har lese i avisa at mottak brenn, at det er ein del uro som oppstår rundt mottaka. På det området er det mangel på kunnskap, for det er rolege og ordna forhold på eit mottak.

Vil ha overskot

UDI har gjort ein del direktekjøp av mellombelse mottaksplassar. Og fleire slike vil det bli, seier regiondirektøren.

– Vi oppretter så mange plassar vi klarer akkurat no. Behovet er stort og vi må prøve å kome så langt at vi ligg litt i forkant og at vi har overskot av plassar. Da vil vi sove godt, seier Fridfelt til NRK.

Brekke i Hero forstår behovet for plassar, men:

– Vi føretrekker at det blir ordinære kontraktar kor ein får moglegheit til å drive over litt lengre tid. Men vi forstår at det ikkje alltid er tid til det i situasjonar som no.