Førstkomande fredag, 14. mars, skal Noreg sende inn den første søknaden for Oslo-OL i 2022.
– Eit OL i Oslo 2022 vil skje på IOC sine premiss. Poenget er at vi her begir oss inn i ein tunnel der vi ikkje veit kva som er sluttpunktet, seier ein oppelda Hans B. Skaset.
Søknaden som blir sendt inn fredag i neste veke gjer at Noreg forpliktar seg juridisk til IOC.
– Det betyr at det er IOC som bestemmer, saman med dei internasjonale særforbunda, korleis OL skal avviklast. Vi begir oss inn og forpliktar oss til det gjennom søknaden, fortel Skaset til NRK.
- Les kronikken til Hans B. Skaset på NRK Ytring:
Meiner offentlegheita ikkje får informasjon
Han var ein av dei mest sentrale leiarane i norsk idrett. Skaset var formann i Norges Idrettsforbund i sju år, før han mellom 1991 og 2000 var ekspedisjonssjef i Kulturdepartementet i idrettsavdeling. Få har betre kjennskap til dei politiske prosessane rundt eit OL enn det Skaset har.
No ropar professoren eit kraftig varsku om IOC sine vilkår som Noreg er på veg til å godta ved å sende inn OL-søknaden. Det utan at det har blitt behandla politisk i Stortinget.
– Dette er jo eit månelandingsprosjekt, fordi vi gradvis blir trekte inn i ein forplikting som er udeklarert, meiner Skaset.
Spesielt paragraf 33 i OL-charteret uroar Skaset. «The country and the public authorities will comply with and respect the olympic charter», les Skaset.
– Vi har ikkje leiing frå verken søkarbyen eller frå idretten som klargjer dette for offentlegheita, meiner Skaset.
- Les også:
- Les også:
Saka held fram under bildet.
– Feigt
Paragraf 33 gjer at regjeringa vil binde seg juridisk til å følgje IOC sine reglar, og dermed garantere for alle utgifter. Dersom Noreg får 2022-OL tildelt på Kuala Lumpur i 2015, kan konsekvensane av garantiane vere at kostnadene aukar kraftig.
IOC og dei sju mektige internasjonale særforbunda skal nemleg seie sitt om både nye idrettar og anlegg – etter tildelinga i 2015.
– I alle tilfelle eskalerer utgiftene etter den tid. Og det er feigt å ikkje erkjenne det – og at det ikkje er kvalitetssikra. Korleis skal ein kunne gjere det?, spør Skaset retorisk.
Kulturminister Thorhild Widvey er derimot tydeleg på at dei vil sjå vekk ifrå paragraf 33 i IOC sitt charter.
– Vi kjem til å gjere det klart for både Oslo som søkarby og IOC at vi har retten til å gå i forhandlingar om kva innhaldet kjem til å vere – dersom Noreg skulle ende opp med eit ja, seier Widvey.
Sablar ned «retorikk»
Idrettspresident Børre Rognlien er på si side klar på at Noreg som arrangør av OL i 2022 vil ha stor påverknadskraft med såkalla «norske verdiar».
– Det går på frivilligheit, det går på nøkternheit, det går på alt som har med openheit og med miljøsatsing, seier Rognlien til NRK.
– Dette er retorikk som er retta heim for å skaffe oppslutnad om søknaden. Samstundes så skriv ein under på dokument som peikar i stikk motsett retning. Alt som går føre seg skjer på IOC sine premiss, meiner Skaset.
Rognlien på si side meiner òg at IOC no er på veg i ei ny og betre retning.
– IOC innser sjølv at dei treng og ønskjer ei endring, meiner Rognlien.
- Les også:
- Les også:
Meiner IOC går i feil retning
Fleire vil nok derimot gi strykkarakter på endringane som no er i ferd med å skje. For under OL i Sotsji blei det med stor oppslutnad blant IOC-medlemmene fremma forslag om å fjerne «aldersgrensa».
– Så då er altså aldersgrensa på 70 og 80 år borte, og «gutta»
kan igjen sitje så lenge dei vil, seier ein oppgitt Skaset.
Aldersgrensene er at alle som blei valt inn i IOC før 1999 får sitje til dei er 80, medan dei valt inn etter får sitje til dei er 70 år. Det var FIFA-president og IOC-medlem Joseph Blatter som fremma forslag i Sotsji om å fjerne aldersgrensa.
Han fekk brei støtte av dei andre IOC-medlemmene. I tillegg blei det fremma forslag om at medlemmene igjen skulle få tilgjenge til søkarbyane.
– Den retten forsvann etter korrupsjonsskandalen knytt til kandidaturet til Salt Lake City i 2002, skriv Skaset i Ytring-kronikken sin.
– Det tyder ikkje på at det går i riktig retning?
– Eg veit ikkje heilt kor du vil med spørsmåla dine. Eg kan berre svare på kva Noreg meiner, svarer idrettspresident Rognlien.
– Må vakne opp!
Spørsmålet er kor mykje norske verdiar vil verke inn på IOC.
– Før eller sidan må vi vakne opp! Ein vil vakne etter kvart, etter Kuala Lumpur om vi vinn fram, seier Skaset, og legg til:
– For då må vi byrje å betale rekningane.