Det betyr at det er dei to beste på tabellen som skal gjere opp om den eine finaleplassen.
Stabæk var også i semifinalen i fjor. Då tapte dei for Molde, som seinare tok seriegullet.
I den andre semifinalen skal Viking møte Sarpsborg 08 i Stavanger. Kampane skal spelast 23. og 24. september, cupfinalen går 22. november.
– Vi er glad for heimekamp. Der har vi vore gode i heile år, og vi veit vi skal slå dei, sa Rosenborgs Alexander Søderlund til NRK.
I semifinalene er det trekning av kven som skal spele heime, i motsetnad til dei andre cuprundane.