– Nyland! Nyland! Nyland!, runga det på Ullevaal stadion etter at Hødd sin 22 år gamle keeper hadde levert praktredning på praktredning mot Tromsø.
Og då det var klart at blåtrøyene frå Ulsteinvik hadde vunne cuptroféet på ein høgst sensasjonell måte, kunne keeper Ørjan Håskjold Nyland sleppe jubelen laus, og vite at han igjen hadde imponert ein heil fotballnasjon på ny.
For med cupsigeren toppa U-21-landslagskeeperen ein stor gjennombrotsesong.
Først og fremst var han viktig i Hødd si ferd mot cupfinalen.
I tillegg var han sentral då U-21-landslaget vann mot Frankrike og tok seg til EM.
Og heilt til slutt serverte han ein praktkamp sundag, med feberredning på feberredning då Tromsø måtte sjå seg slått av førstedivisjonslaget Hødd.
– Det er stort. Heile laget gjorde ein kjempejobb i dag, og dei framfor meg stod ganske stødig som ein vegg, og fekk til nokre redningar der som eg ikkje veit sjølv kor kom frå, sa Nyland.
- LES OGSÅ: Askeladden vant kongepokalen
Fekk Ullevaal til å gispe
22-åringen siktar truleg aller helst til redninga han varta opp med då Zdenek Ondrasek heada ballen mot nettet i det 73. minutt.
Nyland var på veg mot venstre stolpe, men headinga gjekk i retning høgre. Hødd-spelaren reagerte lynkjapt, og fekk utruleg nok ei hand på ballen.
Seinare i kampen utlikna Tromsø til 1-1, og kampen gjekk til både ekstraomgangar og straffekonkurranse.
Der redda Nyland Hødd på ny. Først i andre ekstraomgang, og så på ei av straffane til Tromsø.
– Ein keeper for store anledningar
På tribunane og framfor TV-skjermane ga Nyland både fotballekspertar og trenarar hakeslepp med sine praktredningar.
– Eg er positivt overraska over det Nyland leverer, seier tidlegare landslags- og Tottenham-keeper Erik Thorstvedt.
Han lot seg imponere av at Nyland ikkje bare stod godt i 90 minutt, men at talentet også fikk det til i straffesparkkonkuransen.
– Hadde dei bare vunne 1-0, som var stillinga like før ordinær tid var over, ville Nyland uansett fått mange klapp på skuldera. Men no kan han verkeleg kjenne godt etter, og tenke at: «Veit du kva? Hadde det ikkje vore for meg, så hadde vi ikkje klart dette,» seier Thorstvedt.
Også U-21-landslagstrenar Per Joar Hansen lovprisar eleven sin.
– Han utstrålar vinnarmentalitet, som igjen sprer tryggleik i laget. Sjølv om Tromsø har store sjansar veit Hødd at dei har ein keeper som er til for store anledningar.
– Blekksprutredninga på avslutninga til Ondrasek er høgdepunktet i kampen. Det skaffar Hødd eit psykisk overtak framfor straffekonkurransen. Når Nyland i tillegg reddar ei straffe der blir han den store profilen i finalen.
– Kom deg opp i eliteserien!
No meiner han at Nyland bør ta steget opp i eliteserien.
– Den utfordringa bør han ta, sjølv om det alltid er ein risiko for å møte veggen i konkurranse med den som er etablert førstekeeper i klubben han går til.
U-21-trenar Per Joar Hansen er einig.
– Det vil vere synd for Hødd, og eg skal ikkje legge meg borti kva val han bør ta, men det beste for Ørjan sin utvikling er å ta steget opp i eliteserien. Så får heller Hødd vere glade for at dei har utvikla ein så god keeper.
Nyland: –Har lyst til å spele på Ullevaal dei neste 10-15 åra
Nyland blir også sett på som eit framtidig keeperemne på A-landslaget. Sjølv siklar han etter å komme dit.
– Det er klart at ein har lyst til å spele her dei neste 10-15 åra. Det var absolutt ein fin smakebit, seier Nyland.
– Blir du å sjå i eliteserien neste år?
– Vi får sjå kva som skjer. Det blir bestemt etter cupfinalehelga. Først skal det feirast skikkeleg.
– Kva klubbar er aktuelle for deg?
– Eg vil ikkje gå inn på det no. Eg vil bare ha fokus på den dagen her, og det som akkurat har skjedd. Eg vil bare la det synke inn, svarar Nyland fornøgd.
- VIDEO: Cuphelt Ørjan Nyland går bananas etter strafferedning