Skadd Bugge, Nyland/Söderberg - Molde sin rutinerte keeper Espen Bugge Pettersen blei skadd i andre serierunde mot Lillestrøm. To unge keepearar i Ørjan Håskjold Nyland (oppe t.h.) og Ole Söderberg stod klare til å ta førstekeeperplassen. Söderberg stod seg gjennom fire Molde-tap frå start, før Nyland fekk sjansen mot Start. - Foto: Svein Ove Ekornesvåg/Marita Bolle Andersen/Erik Hattrem/montasje / NTB Scanpix/NRK

Molde sin rutinerte keeper Espen Bugge Pettersen blei skadd i andre serierunde mot Lillestrøm. To unge keepearar i Ørjan Håskjold Nyland (oppe t.h.) og Ole Söderberg stod klare til å ta førstekeeperplassen. Söderberg stod seg gjennom fire Molde-tap frå start, før Nyland fekk sjansen mot Start.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg/Marita Bolle Andersen/Erik Hattrem/montasje / NTB Scanpix/NRK

Cupfinalehelten har kjempa seg til startplass

Fjorårets cupfinalehelt gjekk til Molde med mål om å kjempe seg inn på keeperplass. Allereie i sjuande serierunde var Ørjan Håskjold Nyland i startellevaren. Men han vil ikkje omtale seg sjølv som førsteval for fjorårets seriemeister.

Nyland - Ørjan Håskjold Nyland stod med nærmast overnaturlege evner då Hødd tok tidenes cupskrell mot Tromsø i november 2012. - Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Ørjan Håskjold Nyland stod med nærmast overnaturlege evner då Hødd tok tidenes cupskrell mot Tromsø i november 2012.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Dårlege nyheiter for Molde, men då Espen Bugge Pettersen blei skadd i andre serierunde var det på éin måte gode nyheiter for to reservekeeperar.

Bugge Pettersen, som blei 33 år på fredag, måtte ut med ein hamstringskade mot Lillestrøm 2. april.

– Vi har to gode keeperar. Både Ole Söderberg og Ørjan (Håskjold Nyland, journ.anm.), så det er ingen problem for oss, sa keepertrenar Mark Dempsey dagen etter.

Svenske Söderberg (22) fekk tillit i resten av Lillestrøm-kampen. Det same fekk han i dei fire påfølgjande serierundane.

Skifte etter cupkamp

I NM har derimot Ørjan Håskjold Nyland vakta Molde-buret. Først mot Elnesvågen i første runde, før 22-åringen sin andre obligatoriske kamp gjekk mot Byåsen.

Etter 5-1-sigeren i Trøndelag fekk den tidlegare Hødd-keeperen fornya tillit, då Molde spelte bortekamp mot Start.

Der blei det årets andre poeng for fjorårets seriemeister med 1-1. I lokaloppgjeret mot Aalesund fekk Nyland endå ein gong tillit – i ein kamp som til slutt enda med 4-1 og årets første Molde-siger i serien.

– Kjekt å vite at han Ole Gunnar har trua

Ørjan Håskjold Nyland - Her er Nyland like etter Molde-debuten mot kinesiske Shanghai East Asia under Copa del Sol. - Foto: Gunnar Grindstein / NRK

Her er Nyland like etter Molde-debuten mot kinesiske Shanghai East Asia under Copa del Sol.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

På spørsmål om han no er etablert som førstekeeper er Nyland roleg.

– Det tenkjer eg ikkje så veldig mykje på. Eg har stått to kampar, og det er kjekt å vite at han Ole Gunnar og dei har trua på meg. Så det er berre å jobbe hardt vidare og køyre på, seier keeperen til NRK.

– Har du tatt førstekeeperplassen raskare enn trudd?

– Det kan du seie. Altså, eg gjekk til laget som har vunne gull to år på rad, og her er mange gode keeperar.

Førsteval?

For Nyland vil ikkje gi seg sjølv nokon stor merkelapp.

– Noko førsteval vil eg ikkje kalle meg enno. Eg har fått stå i to seriekampar og det er kjekt, slår 22-åringen fast.

Så langt har ikkje Molde tapt ein obligatorisk kamp med Nyland lengst bak.

No står det igjen å sjå om Söderberg igjen kan erobre keeperplassen og ikkje minst om Bugge Pettersen tek keeperplassen tilbake med éin gong han er skadefri.

I kveld ventar Sandnes Ulf borte for Molde, der det meste tydar på ny Nyland-kamp.

Kven trur og meiner du skal vere Molde sin førstekeeper resten av 2013-sesongen? Sei meininga di i kommentarfeltet under.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.

Siste sport

  • Atletico Madrid vinner igjen

    Atletico Madrid setter Barcelona og Real Madrid under press med kveldens 2-0-seier over Elche. Før de to andre lagene har spilt sine kamper denne helgen har Atletico Madrid seks poengs ledelse til Real Madrid og syv ned til Barcelona. Hovedstadslaget har fire kamper igjen av årets sesong.

  • Cristiano Ronaldo tilbake i trening

    Real Madrid-stjernen Cristiano Ronaldo (29) kan bli klar til onsdagens gigantoppgjør mot Bayern München. Fredag var storscoreren tilbake i trening, melder NTB. Ronaldo har slitt med problemer i låret og kneet og satt på tribunen da Real Madrid slo Barcelona i onsdagens spanske cupfinale. Nå jobbes det frenetisk for at han skal bli klar til onsdagens hjemmekamp mot Bayern.

  • Federer vant mot Tsonga

    Roger Federer er klar for semifinalen i tennisturneringen i Monte Carlo etter å ha slått Jo-Wilfried Tsonga 2-1 i sett. I semifinalen er forløpig David Ferrer, Stanislas Wawrinka og Federer klare. Djokovic og Garcia-Lopez kjemper om den siste plassen.

Sendeplan

Kl. Program Kanal

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)