NRK Meny
Normal

Unge reservar klar i Bugge-fråvær

Molde-keeper Espen Bugge Pettersen går ei usikker framtid i møte etter skaden mot Lillestrøm. No står éin ung svenske og éin ung sunnmøring klar til å ta over.

Molde- og landslagskeeper Espen Bugge Pettersen måtte gå skadd av banen mot Lillestrøm. Klubben sitt medisinske apparat veit ikkje kor lenge sisteskansen blir vekk frå fotballen. No er reservane klar til å fylle rolla.

Espen Bugge Pettersen blei skadd i oppgjeret mot Lillestrøm tysdag. No er to unge reservar klar til å ta over.

Skadd Bugge Pettersen

Espen Bugge Pettersen blei skadd berre ni minutt ut i andre seriekamp.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Keep calm, seier Mark Dempsey, trenar i Molde.

Han mislikar veldig at Espen Bugge Pettersen pådrog seg ein hamstringskade mot Lillestrøm tysdag, men veit at alternativa bak er gode.

– Vi har to gode keeperar. Både Ole Söderberg og Ørjan (Håskjold Nyland, journ. anm.).

– Så det er ingen problem for oss, slår Dempsey fast.

To 22-åringar trippar

For bak rutinerte Bugge Pettersen, som er Drillo sitt andreval på landslaget, ventar to unge og svoltne keeperar.

Mot Lillestrøm kom svenske Ole Söderberg på banen i Bugge sitt fråvær. Men han får svært hard kamp av ein annan 22-åring.

For etter fjorårssesongen kjøpte Molde Hødd sin cupfinalehelt Ørjan Håskjold Nyland. Akkurat det er Dempsey glad for.

– Det ser bra ut no!, slår han fast smilande.

Både Söderberg og Nyland er 22 år gamle, der svensken er 2,5 månad eldre.

Saka held fram under bildet.

Nyland

Ørjan Håskjold Nyland blei klar for Molde like etter at han vann cupgull med Hødd.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix
Ole Söderberg

Ole Söderberg er gira på førstekeeperplassen.

Foto: Erik Hattrem / NRK

– Krige, så får vi sjå

Keeperplassen skal altså fyllast av anten ein volding eller ein svenske.

– Eg kjenner meg klar, og det skal eg vise på trening framover, fortel Söderberg.

Han seier at ein reservekeeper si rolle er å heile tida vere klar.

– Ein må vere på tå hev og vere klar for å kome inn og gjere det godt.

– No skal eg halde fram med å krige, og så får vi sjå kven det blir som får stå på laurdag, avsluttar svensken.

Laurdag er Molde gjestar på Brann stadion, der deira tredje seriekamp byrjar klokka 18.00.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM Bryting