Hopp til innhold

– Tusen takk, Stavanger

Både spelarar, trenar og Start-supporterar takkar rivalen Viking og Stavanger for at dei slo Mjøndalen i siste serierunde. Viking-sigeren sikra Start kvalifiseringsplass.

Mads Stokkelien og Kristoffer Ajer etter Start-molde

Sjå intervju med Mads Stokkelien og Kristoffer Ajer.

– No er vi gode naboar. Vi må sende nokre blomster til Stavanger i morgon. Vi er ekstremt takknemlege, seier Start-spelar Mads Stokkelien til NRK.

Mads Stokkelien

Mads Stokkelien.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Det vart ei høgdramatisk avslutning på årets eliteseriesesong. Start og Mjøndalen veksla på å ligge på nedrykksplass gjennom 90 minutt.

Ved pause låg Start under 0–2 mot Molde, medan Mjøndalen leia mot Viking i Stavanger.

Spelte Viking-songen i garderoben

Til slutt gjekk det Start sin veg. Viking snudde kampen og vann til slutt 3–1. Mjøndalen må ned i 1. divisjon. Start får ein ny sjanse og skal ut i kvalik.

Trass i 0–3 tap mot Molde feira Start-fansen som om dei hadde vunne seriegull.

– Vi spelte Viking-songen i garderoben etter kampen, ler styreleiar i Start Magne Kristiansen, som lovar å sende blomster til Viking stadion måndag.

– Det kjem vi til å gjere i morgon tidleg. Det er det ikkje tvil om, seier Kristiansen.

Også Start-trenar Bård Borgersen takka Viking etter kampslutt.

– Eg pleier å like Viking, men i dag var det noko ekstra. Ei helsing til heile Rogaland, smiler han.

Magne Kristiansen etter at Viking reddet kvallikplass for Start

Sjå intervju med styreleiar i Start Magne Kristiansen.

Kan møte naboen i aust

I kvaliken møter Start anten Kristiansund eller Jerv frå nabobyen Grimstad. Start-spelar Mads Stokkelien sa følgjande til TV2 etter kampslutt på spørsmål om kva han tenker om eit møte med Jerv.

– Skal eg vere ærleg, så blir det eit helvete, seier han til TV2.

Men trenar Bård Borgersen er optimistisk trass i at klubben har 14 strake kampar utan siger.

– Når vi får ein slik sjanse skal få ei fantastisk god opplading inn til desse to kampane og gjere alt vi kan for å få sigeren vi treng, seier han.

– Vi har kjempemoglegheiter, seier han.

Supportere etter Moldekampen

Sjå intervju med Start-supporterar etter kampen.

Borgersen etter Moldekampen. Tap men klar for Kvallik mot enten jerv eller Kristiansund.

Sjå intervju med Start-trenar Bård Borgersen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %