– Det var ein tragedie at hunden vart røska ned frå kunstmuseet i Førde. Då Oddvar fortalde meg kva som hadde skjedd, bestemte eg meg for å hjelpe, seier eigar av den freda Nøsteboden i Bergen, Roger Iversen.
Han meiner Torsheim gjer mykje både for Førde og heile landet. No skal investoren lage ein ny hund, som liknar den som vart riven ned av veggen på kunstmuseet i oktober i år.
For hunden som var på kunstmuseet var spesiallagd for veggen. Med løyve frå Oddvar Torsheim var hunden spegelvendt, den hadde ein ekstra knute og hadde endra proporsjonar.
Hunden må tole vind og vêr
Når bikkja til Oddvar Torsheim no skal få nytt liv midt i Bergen by, er det ein versjon som er lik originalen, berre at den også skal spegelvendast.
Nøsteboden er den siste originale sjøbua i Bergen og vart bygd på 1600-talet. Her er det hunden skal få ny heim og 25.000 bilistar vil kunne sjå på kunstverket kvar dag.
NØSTEBODEN: I denne bygningen skal hunden til Torsheim få ny heim
Foto: Privat– Hunden må lagast i eit materiale som toler vind og vêr og Oddvar skal sjølvsagt får vere med å bestemme korleis den skal sjå ut, seier Iversen.
Den vil krevje mykje plass og skal pryde heile husrekkja på Nøstet.
– Kven er det som skal lage hunden?
– Ja eg har jo ingen eg kan spørje om eg kan lage ein hund, så det må eg gjere sjølv, ler Iversen.
Han er svært spent på mottakinga og meiner bergensarane vil bli begeistra over å få kunst i det offentlege rom.
- LES OGSÅ:
Kunst skal ikkje ligge i ein kjellar
Far til kunstverket " Hunden til psykologen". Oddvar Torsheim, synst det er stas at bikkja no får ny heim i Bergen. Han ville helst at den skulle ha eit langt liv som gatehund i heimbyen, men slik gjekk det ikkje.
KUNST TIL FOLKET: Oddvar Torsheim og Roger Iversen håpar hunden skal få eit langt liv på Nøsteboden i Bergen
Foto: Privat– Kunst skal ut til folket og ikkje ligge nede i ein kjellar, seier 75-åringen. Det blir spennande å sjå korleis hunden kjem til å ta seg ut, denne gongen skal den berre ha ein knute.
Den 1. desember skal hunden avdukast og det er den fargerike ordføraren i Bergen, Trude Drevland, som skal ta imot den nye innbyggjaren.
– Kunstnarar er redde for å vise seg fram. Nokon gongar får ein ta ein sjanse og la det stå til. Eg er spent på resultatet og har ingenting og tape, avsluttar Torsheim.
- Les:
VIDEO: Her fjernar dei hunden frå veggane på kunstmuseet. Foto: Oddleif Løset, NRK