Hopp til innhold

Kritiserer lokale brannsjefar etter brannane i Sogn og Trøndelag

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) kjem no med direkte kritikk av dei lokale brannsjefane etter storbrannane i Lærdal, Gudvangen og Trøndelag.

Brann i Lærdal

STORBRANN: Brannen i Lærdal var svært omfattande.

Foto: Odd Helge Brugrand

I to evalueringsrapportar som blei lagt fram i dag, kjem det mellom anna fram at DSB meiner at det norske brannvesenet ikkje er organisert for å leie og handtere store og kompliserte hendingar.

– Det gjennomgåande her er at hendingane har skjedd i små kommunar der nokon av dei har deltidsbrannsjefar. Vi ser at dei kjem til kort når vi snakkar om leiing og strategi, seier Anne Rygh Pedersen, direktør i DSB si avdeling for brann og redning til Aftenposten.

– Gjorde ein utmerka jobb

Leiar i Norsk Brannbefals Landsforbund, Nils Erik Haagenrud, meiner at dei lokale brannvesena gjorde ein så god jobb som råd er - utfrå dei ressursane dei har til rådvelde.

– Vi støttar at det er for mange brannvesen. Å handtere komplekse og store hendingar krev erfaring og kompetanse. Slik eg kjenner det gjorde kommunane og brannvesena ein utmerka jobb utfrå kompetanse og ressursar i desse sakene. men det krev mykje å handtere alt når det skjer store ting, seier Haagenrud til Aftenposten.

– Kunne vore katastrofalt

I rapporten heiter det mellom anna at det har vore uklart kven som faktisk leia innsatsen i brannane i Lærdal og Trøndelag.

«I en av brannene oppfattet overordnet vakt for brann det som at politiet overtok ledelsen fordi «han som kom hadde armbind hvor det sto «innsatsleder» og stilte seg ved enden av bordet», står det i rapporten ifølgje avisa.

– Leiing er utruleg viktig i all type beredskapsarbeid og handtering, og fleire av desse hendingane har det vore uklart kven som har leia innsatsen. Det kan i verste fall vere katastrofalt, seier Anne Rygh Pedersen til Aftenposten.

To ulike rapportar blei offentlegjorde no klokka åtte. Ein om brannen i Gudvangatunnelen og ein samla rapport om tettstadbrannen i Lærdal og skog- og lyngbrannane i Flatanger og Frøya. I begge rapportane kjem det sterk kritikk av leiinga av innsatsen.

Går rett i strupen på brannsjefen

I rapporten om Gudvanga-brannen går DSB direkte i strupen på korleis brannsjefen gjekk inn i tunnelen, i staden for å leie arbeidet frå utsida.

– Det at han valde å bli verande i tunnelen, førte igjen til at han ikkje kunne kommunisere med øvrige innsatsmannskap eller andre naudetatar på utsida via sambansd, men måtte nytte mobiltelefon. Dette førte til at strategiske og taktiske vurderingar måtte gjerast av brannsjefen inne i tunnelen og at formidling av felles beskjedar blei vanskeleg, skriv DSB mellom anna.

NRK har vore i kontakt med brannsjef Arvid Gilje i Aurland, men han er på ferie og vil førebels ikkje kommentere det som kjem fram i rapporten. Brannsjef i Årdal og Lærdal, Gaute Jonsgård, vil heller ikkje kommentere rapporten førebels.