Hopp til innhold

Havyard kuttar rundt 100 årsverk

Havyard Group skriv i ei pressemelding at dei kjem til å kutte talet på tilsette med rundt 100 årsverk.

båt frå Havyard Group

NYE SATSINGSOMRÅDE: Havyard satsar meir på fisk, oppdrett og fornybar energi. Her er ein Havyard 832 SOV som vert operert av ESVAGT på vindkraftfelta til Siemens.

Foto: Siemens AG

– Hovudreduksjonen vil bli teke i divisjonane våre for skipsbygging og skipsdesign. Der har vi tilsette både i Leirvik og i Fosnavåg, så begge dei avdelingane vil bli råka, men vi kan endå ikkje sei i kva grad. Det er snakk om ein betydeleg reduksjon, seier Gunnar Larsen, direktør for marknad og forretningsutvikling i Havyard, til NRK.

Konsernet skriv i pressemeldinga at dei lenge har jobba med effektivisering og omstilling for å tilpasse seg den nye situasjonen med ein lågare oljepris.

– I tillegg er det ein generell effektivisering for å ta att den konkurransekrafta både bransjen vår og kanskje resten av Noreg har mista i den boomen vi har vore gjennom.

Har sett det kome

Selskapet har nytt godt av medvind i offshorenæringa sidan 2005, og i tillegg vekse gjennom å ta større marknadsandelar og å utvikle nye produkt.

– Vi har hatt ein prosess på gang over lang tid både når det gjeld å førebu oss på ein eventuell nedgang, for vi har jo skjøna at den boomen vi har hatt ikkje kunne vare. I Leirvik har dei merka det ved at dei produserer fleire båtar til fiskerinæringa og fornybar energi som vindkraft enn til oljenæringa, seier Larsen.

Kjem til å merkast

– Vi har ikkje ein arbeidsplass å miste, seier ordførar Jan Olav Gjerde (Ap).

Jan Olav Gjerde

IKKJE EIN JOBB Å MISTE: Ordførar i Hyllestad, Jan Olav Gjerde (Ap).

Foto: Privat

240 personar har i dag arbeidsplassen sin ved skipsverftet i Leirvik. Kor mange som kjem til å miste arbeidet er framleis ikkje klart. Men nå selskapet til saman skal kutte 100 årsverk er det klart det også kjem til å merkast i Hyllestad.

– Det kjem ikkje overraskande på bakgrunn av den utviklinga vi har sett innan oljeindustrien, men dette er foruroligande nyheiter for Hyllestad kommune, seier Gjerde.

– Korleis kjem de til å merke dette?

– Vi har tidlegare sett at det ganske umiddelbart har slått ut på det øvrige næringslivet i kommunen, når det har vore laber aktivitet ved verftet. Det er nok ringverknadane som uroar oss mest, og som nok kjem til å merkast mest for kommune.

– Kva vil de no gjere for å møte den venta arbeidsløysa?

– Som kommune er det ikkje så mykje vi kan gjere, men vi skal ha eit møte med Havyard i neste veke for å få meir detaljar kring det som skjer. Så får vi i politisk og administrativ leiing i kommune sette å oss ned å diskutere kva vi skal gjere, seier Gjerde.