Hopp til innhold

Fjellvande ekspertar har aldri opplevd så mykje snø i juni

Folk frå Den Norske Turistforening (DNT) har aldri sett så mykje snø i fjellet i juni som i år, og til helga opnar fottursesongen i Jotunheimen.

Fannaraakhytta 16. juni 2015

UNIKT SYN: Med handmakt og snøfresar har mannskap frå DNT grave seg fram til dørene på Fannaråkshytta og bygningane rundt.

Foto: Ove Fortun

Tysdag måtte mannskap frå DNT grave seg ned i fleire meter med snø for å finne inngangane til den høgstliggjande turisthytta i Norge.

– Eg har ikkje opplevd så mykje snø her så langt tilbake som eg kan huske. Det er ei utfordring for oss som driv turistverksemd i fjellet og folk som vil gå fotturar at det er så mykje snø. Vi må jo prøve å leggje til rette slik at det blir bra for alle.

Det fortel Tor Martin Stenseng, driftsansvarleg for dei ubetente turisthyttene til DNT, på telefon frå Fannaråkshytta, 2068 meter over havet.

Opnar truleg til helga

I dag var han saman med fleire andre på hytta med helikopter, og dei hadde mellom anna med seg ein snøfresar for å kome til dei ulike dørene.

– Vi vil jo ta ei vurdering i etterkant av denne transportturen, så får vi sjå litt på det ligg an. Men slik det ser ut no, så trur eg vi vil opne hytta til helga, fortel ein optimistisk Stenseng.

Fannaraakhytta 16. juni 2015

VILT OG VAKKERT: Fannaråkshytta er den høgstliggjande hytta i DNT-systemet.

Foto: Ove Fortun

Kvite toppar alle vegar

Tysdag var det strålande, vakkert sommarvêr i Jotunheimen, men rundt på alle kantar er fjella dekka av snø.

– Hurrungane ligg heilt kvite rundt meg her. Slik det er i dag, så er det jo eit heilt fast snødekke, og det vil jo bli sett opp markeringar på utsette punkt på ruta opp frå Turtagrø.

Store snømengder

Nøyaktig kor mykje snø det er ved Fannaråkshytta er Stenseng noko usikker på, men han reknar med i alle fall 1,5 meter på flatmark.

– Fannaråken er ein stad med mykje vêr og vind, og snøen flyttar mykje på seg. Vi veit jo frå snømålingar andre stader at det ligg på 1,60 – 1,70 meter.

Fannaraakhytta 16. juni 2015

KVITE TOPPAR: Med utsyn til Jotunheimen, kunne DNT i dag konstatere med sjølvsyn dei enorme snømengdene i fjellet.

Foto: Ove Fortun