Hopp til innhold

Flått drep fleire sauer enn rovdyr

Trudde du det var rovdyra bjørn, ulv, jerv og gaupe som tek livet av flest sau kvart einaste år? Då kan du tru om att.

Sauebonde Arve Dahl og veterinær og seniorinspektør i Mattilsynet, Jørgen Langeland.

UTRYGGE: Sauebonde Arve Dahl (t.v.) og veterinær, og seniorinspektør i Mattilsynet, Jørgen Langeland, fortel om høge tapstal på beitande lam.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

For det er den farlege flåtten ekspertane meiner tek livet av flest sauer.

I fjor betalte fylkesmennene ut erstatning for 30.000 sau som var tekne av rovdyr.

– Ser du på tapsstatistikken, så er det stygge tal mange stader. Det er betydelege tap av dyr som rett og slett ikkje kjem heim frå beite, seier veterinær og seniorinspektør i Mattilsynet, Jørgen Langeland.

Taper mykje pengar

Flått på sau.

SAU: Flåtten set seg like gjerne på sau, som på menneske.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Både sau og flått trivast godt i dei vårgrøne liene som ligg oppover mot skogkledde fjellsider utanfor fjøset til sauebonde Arve Dahl på Nordfjordeid.

Han er også lokallagsleiar i Eid sau og geit, og veit at det skaper trøbbel for mange bønder at lamma døyr på beite.

– Dei som skal leve av dette, og ikkje har anna inntekt, så er det klart det blir ein del pengar av det når går vekk 20–30 lam i skogen, seier Dahl.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sauer

FIENDE: Sauene til Arve Dahl trivast godt i fjellsidene. Diverre for dei trivast også den farlege flåtten der.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Svekka immunforsvar

Årleg blir kring 300.000 lam smitta av sjukdomen sjodogg som blir overført av flått.

Og der avisene set opp varseltrekantar på framsida, og åtvarar folk flest mot flått, veit veterinær Langeland at det kanskje er sauen som møter dei største problema.

– I første omgang får dei febersjukdom med høg feber ein dag eller to, så går det over til ein halvkronisk sjukdom der immunforsvaret får ein knekk. Då er dei meir utsette for andre ting, fortel Langeland.

Verre enn rovvilt

I nokre delar av landet fører flåtten til så store tap av lam, at det er uråd å drive med sau. Både på grunn av tap av lam, men også på grunn av redusert slaktevekt.

Professor ved Norges veterinærhøgskole, Snorre Stuen, er ekspert på området flått og sau. Han meiner flåtten er ein langt større trussel enn rovvilt.

– Eg trur nok at tapet, på grunn av sjodogg og dei komplikasjonane, er større enn det som skuldast rovdyr. Rovdyra er spreidd utover, medan sjodogg bakterien er spreidd langs heile kysten, seier han.

Titals millionar kroner

Veterinær Langeland er uroa over at altfor mange av sauene som reiser til fjells, aldri kjem heim att.

Nøyaktig kor mange av dei sjuke lamma som stryk med på grunn av sjodogg, er uråd å talfeste. Likevel er verditapet truleg på fleire titals millionar kroner.

– Vi har ganske skremmande tapstal i kommunane kring her. I Nordfjord er det berre Gloppen og Stryn som har tap under ti prosent. Det er høge tal, seier han.

Forskar på vaksine

Og det er vanskeleg for bonden å verne lamma mot flåtten. I fjøset på Nordfjordeid påfører bonden eit eige insektsmiddel i nakkeskinnet på lamma. Det kan halde flåtten vekke i opp til fire veker.

Men beitesesongen er langt lenger enn som så. Stuen seier det blir forska på vaksinar, men at ein så langt ikkje har lukkast.

– Vi gjorde eit forsøk i fjor, men må forbetre det slik at det er nokre år framover før vi har ei vaksine, seier han.