Hopp til innhold

Deltek i junior-VM knappe to år etter at han starta med sporten

22 år gamle Fredrik Våge Hovland frå Førde er no i Killeen i Texas for å delta på junior-VM i styrkeløft utstyrsfritt.

Fredrik Våge Hovland

MÅL: Fredrik Våge Hovland ser fram til å løfte i junior-VM i styrkeløft.

Foto: privat

Torsdag skal Hovland i elden, og han innrømmer at han er spent.

– Eg må berre konkurrere med sjølv. Då eg byrja med styrkeløft var VM den store draumen, så eg må berre prøve å få ut det eg har, seier Hovland.

Han har ikkje hatt ei heilt optimal oppkøyring, men er budd på å yte sitt beste og sjå kor langt det rekk.

– Eg må prøve å nyte reisa og opplevinga. Det er stort å få vere med på eit VM, seier Hovland.

Likar best markløft

Den norske troppen består av 11 løftarar, fire av desse er juniorar.

Hovland løftar i klassen for juniorar – 83.

– Eg har personleg rekord på 217,5 kilo i knebøy, 142,5 kilo i benkpress og 265 kilo i markløft. Det er markløft som er favoritten, og det er der eg trur eg kan gjere det best, seier Hovland.

Då Hovland deltok på NM i mai enda han med 217,5 kilo i knebøy, 140 kilo i benkpress og 260 i markløft, men mista gullet totalt på kroppsvekt. Men med i bagasjen vart det bronse i knebøy og sølv i markløft på tvers av klassane, samt sølv i 83 kilosklassen.

Løftar utan drakt

VM er utstyrsfritt. Det betyr at deltakarane ikkje kan bruke drakter som gjer at løftet blir meir stabilt og at utøvarane lyfter tyngre.

Han tykkjer han har akklimatisert seg godt til varmen, og nyt turen så langt.

– Eg har aldri vore her før, men det er litt som på TV. Store reklameskilt alle stadar, og store avstandar, seier Hovland.

Men det blir ikkje så mykje tid til utanomsportslege aktivitetar.

– Vi får sjå etter løftinga. Vi skal jo sjå litt på dei andre også, seier Hovland.