Hopp til innhold

Ho elskar fjellet - no vil ho inspirere andre fjellgeiter gjennom bloggen sin

Liv Janne Bell Jonstad er så biten av fjellbasillen at ho har laga ein eigen blogg om fjellturane ho tek saman med familien. No håpar ho fleire blir inspirert til å bruke toppane i fylket.

bell

PÅ KLETTEN: Vi kallar jo Hafstadfjellet for byfjellet i Førde, eg kallar Kletten for miniputt-byfjellet, det er ein perfekt tur for småborn fortell Bell.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro/NRK

– Eg har veldig lysst til å vere til inspirasjon for andre, og kanskje fleire får lysst å kome seg ut i den fine naturen vi har her når dei les bloggen min, fortel Jonstad då reporter i NRK, Tone Lin Støfring, var med ho ut på tur.

Denne dagen gjekk turen til Kletten (80 moh), og med på turen var dottera, Sanna Oliva, på fire år.

Tar med borna

– Eg og mannen min ønskjer jo gjerne at ungane skal få auga opp for den fantastiske naturen vi har her i fylket i tidleg alder. Det at vi tek dei med på tur i så ung alder vil kanskje gjere at dei held interessa for fjellturar når dei blir eldre, seier Jonstad.

Det er kanskje ikkje alle som tykkjer det er like enkelt å motivere borna til å vere med ut på tur, men Jonstad har fleire råd for å få ungane med.

– Vi prøvar å gjere mykje av turane til leik. Her på Kletten er det klatretau, disser, og stokkar som ungane kan balansere på. Så har eg alltid med noko godt i sekken. Når eg spurde kva Sanna Oliva likte best med å gå i fjellet, svara ho at det var å få sjokolade, seier Jonstad lattermildt.

(Artikkelen held fram under biletet)

bell

PERFEKT FOR BORN: Kletten ligg ikkje langt frå huset til familien Bell, og er ein veldig fin rusletur for småborn, seier ho.

Foto: Tone Lin Støfring/NRK

Bloggar for å inspirere

Bloggen oppretta ho først for sin eigen del. Etter kvart merka Bell at det var mange som var interessert og kommenterte under innlegga på bloggen, og då byrja ho å oppdatere litt oftare, og no håpar ho at bloggen kan inspirere andre i fylket til å kome seg oftare på tur.

– Eg og mannen min er jo veldig glade i å gå i fjellet sjølve, og når eg byrja å blogge merka eg at det var mange som ville ha inspirasjon til nye plassar å gå, fortel Jonstad.

I bloggen skriv ho om både små og store turar, primært i Sunnfjord, men også andre stader. Mange turane eignar for små born.

– Vi går veldig varierte tura, når vi har med borna må vi jo gå litt lettare tura. Vi går jo mest i Sunnfjord, men når vi er ute å køyrer så ser vi gjerne ein fjelltopp og tenkjer at der må vi gå ein gong. Då skriv vi den opp på lista for for turar vi ønskjer å gå, fortel Jonstad.

Her kan du lese om turen til Kletten, og andre turar i fylket på bloggen til Liv Janne.