Hopp til innhold

Går i lag om felles turopplevingar

Reisemål Stryn og Nordfjord intensiverer no arbeidet med å få enda fleire til å bruke Nordfjord til vandring.

skåla
Foto: Lyngve Skrede

Fjordspor har dei kalla satsinga, der dei har plukka ut 20 turar som skal syne mangfaldet i dei flotte fjellområda i regionen.

– Her finn du alt frå topptur på Lodalskåpa til pilegrimsvandring over Selja.
I tillegg til å få fleire tilreisande til Nordfjord er det også ei målsetting at nordfjordingane skal utforske nye turar i sin eigen region, opplyser reisemålselskapet i i ei pressemelding.

Via nettsider og brosjyremateriell skal satsinga syne att for dei som likar å bruke fritid og ferie på flotte fjellturar.

– I Fjordspor er det gjort eit utval av turar som viser noko av mangfaldet som er så typisk for Nordfjord. Vi har fjell, hav, bre, fjord og eit landskap fullt av kultur og levande historie – alt dette innanfor eit lite geografisk område, melder dei.