Hopp til innhold

AMK-sentralane manglar felles datasystem - kan føre til svikt ved katastrofar

Dei fleste AMK-sentralane har i dag heilt ulike datasystem, noko som gjer det vanskeleg for dei å samarbeide.

Illustrasjonsbilete frå AMK-sentralen i Helse Førde.

ULIKE DATASYSTEM: AMK-sentralane (her ved Førde Sentralsjukehus) må stort sett nøye seg med å kommunisere med andre sentralar via telefon.

Foto: Simon Solheim / NRK

Etter 22. juli skulle AMK-sentralane i Norge endrast og moderniserast. Men det er framleis store manglar, viser eit dokument frå Helsedirektoratet.

Robert Brennersted er avdelingssjef for akuttmedisin på Førde Sentralsjukehus. Han seier at AMK-sentralane samarbeider godt via telefon.

– Vi har eit godt samarbeid, men det føregår stort sett med tale, felles IKT-system kan vi ikkje seie at vi har i særleg stor utstrekning.

Helsedirektoratet har funne fleire manglar hos AMK-sentralane i Norge. Det største avviket er at sentralane i dag har heilt ulike datasystem.

I dag har dei avgrensa kapasitet til å samarbeide under store katastrofar.

Robert Brennersted

- MANGLAR FELLES IKT-SYSTEM: Avdelingssjef Robert Brennersted.

Foto: Mari Langva / NRK

Uten eit felles datasystem trur direktoratet det vil vere stor fare for ein alvorleg svikt mellom sentralane. Robert Brennersted ser denne risikoen.

– Dei verktøya vi har er ikkje spesielt godt tilrettelagt for samarbeid mellom sentralar.

Felles rettleiing

Helsedirektoratet peikar på at det heller ikke er nasjonale krav for korleis sentralane skal samarbeide i kritiske situasjonar. Direktoratet ønskjer at alle sentralane i Norge skal ha ei felles rettleiing. Brennersted ønskjer dette velkomen.

– Det meiner eg er eit svært riktig tiltak for å ha felles tilnærming til korleis ein gjer jobben i ein AMK-sentral og korleis ein skal samarbeide. Det er noko vi er veldig positive til, og vi ventar på at denne rettleiinga skal kome.

Sjølv om moderniseringa og endringa av dagens system vart satt i gang alt etter 22. juli, har freamleis lite skjedd. Statsekretær Anne Grethe Erlandsen i Helsedepartementet seier at dette er noko dei jobbar hardt for, men at det vil ta tid.

– Vi er på gang frå mange ulike hald for å betre kvaliteten og for å sikre at dette er tilfredsstillande i heile landet.