Hopp til innhold

Forvirring om når AMK varsla politiet om farleg mann

I går var Helse Førde sikre på at dei hadde informert politiet om at det var ein farleg person på bussen. Tidlegare i dag meinte dei at det hadde gått åtte minutt, men no kjenner dei seg sikre på at det berre gjekk to minutt.

Kripos på åstaden ved Holsbruvatnet

VISSTE IKKJE: Det tok iallfall to minutt frå AMK visste at det var ein mann med kniv i Valdresekspressen, til politiet fekk info om det same.

Foto: Christian Blom

Tre personar vart knivdrepne på Valdresekspressen måndag kveld. I tillegg til bussjåføren, døydde også ein svensk statsborgar i 50-åra og den 19 år gamle Margaret Molland Sanden frå Årdalstangen.

I utgangspunktet trudde både AMK og politiet at det var snakk om ei trafikkulykke. Men det skulle snart syne seg at det ikkje var slik.

AMK fekk melding om ei trafikkulykke på Holsbru klokka 17.21. Først klokka 17.35 alarmerte dei politiet, ifølgje politiets si tidsline.

No syner det seg at AMK ikkje kontakta politiet straks dei forstod at dette slett ikkje berre var ei trafikkulykke. I går heldt Helse Førde fast på at dei hadde informert politiet med ein gong

– Med den kunnskapen vi hadde i går, så forstod vi det slik at AMK klokka 17.40 fekk ei forståing av at dette var noko anna enn ei trafikkulykke. Dei opplysningane vi hadde då, var at politiet då straks vart varsla om det, seier informasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal.

Gjekk to minutt

Men knapt eitt døgn etter, syner det seg at det kanskje ikkje var slik det heile var, likevel. Helse Førde jobbar no intenst for å gå gjennom all form for dokumentasjon frå måndagens hending. Det er eit svært omfattande loggsystem som skal gåast gjennom.

Då Ulvedal vart intervjua om dette klokka 13, trudde han gjennomgangen synte at AMK kontakta politiet klokka 17.48. No klokka 13.30 syner det seg likevel at dette ikkje stemmer.

– Vi har hatt ein ny gjennomgang av loggen, og det vi ser i dag, er at det kan tyde på at vi varsla politiet om dette klokka 17.42, seier Ulvedal.

At det først kom ut informasjon om at det hadde gått åtte minutt, beklagar Ulvedal.

– Loggsystemet til AMK er ekstremt komplisert. Det har vore svært hektisk aktivitet med telefonar ut og inn, og det er krevjande å nøste opp i det. Det er enormt med registreringar. Men når vi no seier at det gjekk to minutt, så meiner vi det er rett, seier Ulvedal.

Skulle ha varsla alle

Han er klar på at AMK burda ha trippelvarsla allereie i byrjinga.

– Det er noko vi i vårt arbeid i ettertid må prøve å sjå på. Men det var ein svært hektisk situasjon. Klokka 17.21 får vi melding om at det er ei trafikkulykke, og så eskalerer dette, fram til klokka 17.40 der det då står klart for våre folk at dette er noko heilt anna, seier Ulvedal.

Men han understrekar, som Helse Førde poengterte i går, at dei skulle ha varsla både politi og brannvesen med ein gong då dei fekk første melding klokka 17.21.

Nøyaktig kva som vil bli gjort i etterkant av dette, har Ulvedal førebels ikkje svar på.

– Den gjennomgangen vi skal ha, må syne kva lærdom vi skal ta. Men vi ser heilt klart at det har gått for lang tid, seier Ulvedal.