Hopp til innhold

Preben (9) blir sjuk av den lange skulevegen

4. klassingen Preben Skjøllingstad brukar totalt to timar og 20 minutt i bussen kvar dag til og frå skulen. Nå håpar han lokalpolitikarane snur, slik at han kan gå på nærskulen i nabokommunen og bli kvitt hovudverket.

Preben Skjøllingstad

Preben Skjøllingstad (9) seier han brukar ein time og ti minutt til skulen kvar veg. Den lange reisevegen går ut over både helsa og fritidsaktivitetane.

Foto: Magnus Stokka

– Etter eit halvt år har eg fått plager i hovudet. Nå har eg veldig vondt i hovudet, seier Preben.

Me møter 4.klassingen på ferjekaien i Hjelmeland. Når ferja frå Nesvik legg til kai, har han alt brukt om lag ein time i buss til skulen. Framleis står det att nokre minutt før han er framme.

– I tillegg til hovudverk går den lange skulevegen ut over fritidsaktivitetar. Eg har begynt på 4H på Hjelmeland. På sist møte måtte eg sova over hos tante og onkel, seier niåringen.

Politisk heilomvending

Preben og far

Preben Skjøllingstad og far Terje.

Foto: Magnus Stokka

Skulen til Preben heime i Jøsenfjorden er nedlagt. Det er derfor han og åtte andre i barneskulen må heilt til Hjelmeland. På siste etappe, på bussen frå kaien i Hjelmeland til skulen, kjem fjerdeklassingen med klare meldingar til lokalpolitikarane i kommunen.

Dei sa først ja til å flytta dei ni barneskuleelevane i Jøsenfjorden til Erfjord i Suldal, som ligg mykje nærmare, før dei brått snudde og sa nei i februar.

– Eg synst det er rote gjort. Eg likar ikkje at poltikarane gjorde dette. Mange har prøvd å få dei til å snu, men det går ikkje, seier fjerdeklassingen.

Ser til Suldal kommune

Berit Søvik Østerhus

Berit Søvik Østerhus, leiar i Jøsenfjorden Bygdeutval.

Også far til Preben, Terje Skjøllingstad, er svært skuffa over heilomvendinga til lokalpolitikarane i skulesaka. Han seier tilliten til lokalpolitikken er borte. Nå vil han melda overgang til Suldal.

– Me prøver å gå vidare og då snur me nasen mot Suldal. Får me ikkje skulen til Erfjord, så vil me flytta kommunegrensene.

Foreldre i Jøsenfjorden har enkeltvis klaga på at ungane ikkje får gå på nærskulen i Erfjord. Tysdag avviste formannskapet i Hjelmeland protestane. Halmstrået er at klagene får medhald hos Fylkesmannen.

Men alt nå ser bygdeutvalet i Jøsenfjorden til Suldal.

– Me sender ein uttale til Suldal kommune om at me vil vera med i prosessen med å endra kommunegrensene. Skulen er det viktigaste og med grenseendringa kan me gå på skule i Erfjord. Det er det som tel, seier leiar i Jøsenfjorden Bygdeutval, Berit Søvik Østerhus.

Trur saka kjem opp igjen til hausten

Bjørn Laugaland

Ordførar i Hjelmeland, Bjørn Laugaland (Sp).

Foto: Magnus Stokka

Ordførar i Hjelmeland, Bjørn Laugaland (Sp), er blant mindretalet som seier ja til skuleflytting. Han forstår godt frustrasjonen over den politiske heilomvendinga i saka.

– Eg forstår godt at dei i Jøsenfjorden seier at tilliten til lokalpolitikarane er vekke. Det er ikkje slik me skal opptre, og eg har fått veldig negative reaksjonar frå Sauda i nord til Egersund i sør. Det synst eg er pinleg.

Ordføraren ser helst at Jøsenfjoren blir i Hjelmeland kommune, og trur skulesaka snart kan komma på sakskartet igjen.

– At me kjem til å halda dette varmt når me kjem i budsjettforhandingar igjen til hausten er eg nokså sikker på, slår ordføraren fast.